JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Saknar dei store sakene

Dei store debattane, visjonane og ideane skjer andre stader enn i partipolitikken og på Stortinget, seier avtroppande stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Valkampen har vore prega av små skilnader og at dei store saksdiskusjonane druknar, meiner Bård Vegar Solhjell (SV). Foto frå partilederdebatten i Stortinget i 2015.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

4625
20170908

Samtalen

Bård Vegar
Solhjell

avtroppande stortings-representant for SV

Aktuell

Innspurt i valkampen

eva@dagogtid.no

Etter å ha duppa rundt sperregrensa i seks år, har SV no merkbar framgang på målingane. Dag og Tid snakkar med stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell, som takkar for seg i partiet etter 17 år som heiltidspolitikar.

– Kva er det SV vinn veljarar på?

– Eg trur for det fyrste at bodskapen vår om ulikskap treffer mange. Skilnadene veks, og vi er eit samfunn som er vant med stor likskap, så eg er overtydd om at det har appell og er viktig. I tillegg har Audun Lysbakken stått fram som ein meir og meir tydeleg leiar. Han har ein bodskap som er forståeleg og klar i ein valkamp som elles er prega av små skilnader og at dei store saksdiskusjonane druknar.

– Kva saker er det valkampen manglar?

– Miljø og klima har teke for liten plass. Det er urovekkjande at det er eit såpass avgrensa tema i valkampen. Og så synest eg at Noreg treng ein skikkeleg integrerings- og innvandringsdebatt. Det vi har sett i valkampen, er debatt på metaplan; det handlar om personar, stader og symbol i staden for politiske framlegg. No høyrest eg negativ ut. Eg er eigentleg ikkje det. Eg synest valkampen har vore ålreit og spanande. Mykje meir spanande enn den førre. Det eg synest er mest negativt, er når oppgangen og nedgangen på målingane vert sjølve forteljinga. Eg meiner også sakene om pengeplasseringar, Torbjørn Røe Isaksens vitsing, Rinkeby og Raudt-leiarens born i kommersiell barnehage får for stor plass. Det er etter mitt syn saker som er ganske uvesentlege for framtida til Noreg.

– Om SV skulle kome i regjering, vil vi sjå eit veldig annleis SV no enn i førre regjeringsperiode?

– Lysbakken har lagt ein litt annan strategi og plan for eventuell regjeringsdeltaking enn det Halvorsen gjorde, med fem heilt konkrete og eksplisitte krav for kva SV vil gjere. I 2005 gjekk vi meir til val på ei retning vi skulle oppfylle, saman med Ap og Sp som ein allianse. Så eg trur det kjem til å sjå litt annleis ut. Ikkje minst kjem det til å vere mykje meir erfarent, for no er det mange i SV som har monaleg erfaring med å styre Noreg.

– Kva er det MDG har skjøna og klart å kapitalisere på i miljø- og klimapolitikken, som ikkje SV har?

– No går det bra med begge parti, så eg meiner premissen for spørsmålet er litt feil. Men MDG har høg tillit i miljøpolitikken. Når det går betre med begge, så er nok det ein reaksjon på at miljø og klima har drukna litt elles.

– Kva er den største skilnaden mellom dykk i klimapolitikken?

– Der er vi ganske like. Skilnaden ligg andre stader. I velferdspolitikken, til dømes. Og så har vi valt side. Det har ikkje dei.

– Kvifor stiller ikkje du til val igjen?

– Det kjem av ei kjensle av at eg no treng å gjere noko anna. Eg skal ikkje seie at eg ikkje har motivasjon, men det har vore litt tyngre innimellom dei siste åra. Kanskje fordi politikk ikkje er så lett å kombinere med familie og slikt. Eg er i tillegg ein type som likar endring, og no har eg drive med det same så lenge.

– Kva skal du gjere framover?

– Det veit eg ikkje enno.

– Du er kjend som ein leiarfigur på høgresida i SV. Ser du nokon politisk arvtakar der, eller vert SV raudare no?

– Det er eit fritt land, så det er fritt fram å karakterisere kvar folk står, men det er nok ikkje slik organisert. Når det er sagt ser eg mange arvtakarar i form av dyktige folk som kan spele ei minst like stor rolle i SV og i offentlegheita som meg.

– De er fleire sentrale SV-politikarar som ikkje tek attval no. Er trua på politikken i ferd med å svinne hen?

– Det er ein god del menn på pluss minus 40 år som sluttar på Stortinget no, ja. Eg er vel ikkje sikker på om det er noko stort samfunnsproblem. Kan hende er det eit uttrykk for at det er litt mindre freistande å leve eit heilt liv i politikken. Kanskje er det også bra, at det er færre som vert politikarar for livet.

– Er det rom for å snakke om dei store oppgåvene framleis?

– Absolutt, men éin ting eg har merka meg, er at mykje av den store debatten og dei store visjonane og ideane skjer andre stader enn i partipolitikken og på Stortinget. Partipolitikk og Stortinget har meir og meir vorte ein stad for små og konkrete diskusjonar. Det kjem kanskje av at bindingane på kva vi som land kan gjere, vert sterkare og sterkare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Noreg treng ein skikkeleg integrerings- og innvandringsdebatt. Det vi har sett i valkampen, er debatt på metaplan.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis