Samfunnsøkonomi er eit språkfag
Økonomar og politikarar finn kvarandre i metaforar som løyner røyndomen for folk flest.
Forskingssjef Odd Aukrust i Statistisk sentralbyrå (t.v.) saman med bror sin, forfattaren Kjell Aukrust i 1960. Her måler dei to leggane til Odd, som ifølge Kjell er ein statistikk verd, så tynne som dei er.
Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB scanpix
hompland@online.no
Samfunnsøkonomar er ein forvitneleg stamme som «forutsetter at» verda og røyndomen ser ut som i modellane deira. «Økonomien» er eit drivhjul som kan koma i ulage på grunn av vind og vêr, demografiske endringar, flokkmentalitet, uheldige reguleringar, feil politikk og andre brysame eksternalitetar. Men det høyrer også til det faglege sjølvbiletet at ein kan og skal gje råd om kva styresmaktene bør og må gjera for å få økonomien i betre balanse – for tida om kva som skal til for å få kvinner til å føda fleire barn, til beste for velferdsstaten på mellomlang sikt.
Sivile økonomar er ein konkurrerande stamme som bryr seg mindre om sosiale tilhøve i samfunnet. Dei er mest opptatt av ve og vel for bedrifter og privatpersonar. For dei er samfunnet ein del av vekslande rammevilkår for rasjonelle aktørar som vil redusera usikkerheit og maksimera forteneste gjennom å investera og flytta pengar.
DEI TO STAMMANE har kome kvarandre nærare i nyliberalismens tidsalder, der statleg planøkonomi er ein styggedom. Det sosialøkonomiske hegemoniet er sterkt svekt. Stammane er førte saman i trua på og respekten for den heilage, ålmenne «marknaden» som alle tings opphav, handlande drivkraft, meining og mål. Det er ein underliggande vilje som tvingar seg fram, omtrent som genanes makt hos fundamentalistiske åtferdsbiologar.
Porteføljeforvaltarar og eigedomsmeklarar er verst. Dei tolkar kva marknaden tenker og vil, forventar og er nøgd med. Dei låner frå meteorologien og eksellerer i bølgehøgde, lågtrykk og vindstyrke. Er det god fart i økonomien? Slappar marknaden av, eller frisknar han til?
SJEFØKONOMANE er øvsteprestar. Dei er godt fødde av bankar, interesseorganisasjonar og offentlege institusjonar, men står fram som sannseiarar og nøytrale ekspertkommentatorar – omtrent som fotballtrenarar som har fått sparken og er gjestar i TV-studio før neste seriøse jobb. Begge profesjonane har som kall å vita alt om form og spelestil hos aktørane og ta tempen på konjunkturane – både nasjonalt og globalt. Og på det grunnlaget stilla diagnose og tilrå rett (slanke)kur.
BYRÅSJEFEN begynte ein gong på eit støttefag i sosialøkonomi. Han slutta fordi han irriterte seg over dei sjølvgode økonomane som kunne matematikk og derfor meinte dei hadde presis kunnskap om alt – i motsetning til ordleiken mellom filologar og slumsete samfunnsvitarar.
Men Byråsjefen har språkøyre, så han har kompetanse til å tolka og avsløra økonomsjargongen. Sjølvsagt kan dei rekna og halda orden på mange og store tal og tala om det seg imellom. Men tala talar ikkje for seg sjølv for andre, så når dei skal formidla innsikter og formaningar til populasen, tyr dei til stammespråket økonomsk. Det er ei knotete blanding av naturmetaforikk og fagtermar som er på veg til å bli innhaldslaust allemannseige.
HILDE C. BJØRNLAND blei nylig nyttårsintervjua i Dagsavisen. Ho er professor ved Handelshøyskolen BI (Bedriftsøkonomisk Institutt) og ein av landets fremste økonomar, dyktig formidlar og gjengangar i offentlege råd og utval. Avisa presenterte intervjuet slik: «Tror vi er over toppen. Det spås gull og grønne skoger for norsk økonomi i 2019, men Hilde C. Bjørnland ser skjær i sjøen.»
Det er slik avisdeskar snikrar overskrifter av ord, men Bjørnland er ikkje ueffen sjølv heller. Mellom saklege vurderingar og klare svar og spådommar slår ho til med dette metaforiske glansnummeret: «Det er mye uro og store krusninger på havet. Vi hopper litt fra skjær til skjær, og så langt har det gått bra, men hvis vi hopper feil, kan det ha negativ effekt for en liten økonomi som vår.»
DEN HISTORISKE meisteren i sjangeren er Odd Aukrust, av diktarslekt og dikta om av Kjell Aukrust i Bror min. Ut frå statistikk som synte at rekruttane blei stadig høgare, interpolerte han seg bakover til at dei som møttes på Stiklestad, fylka til strid, måtte ha vore om lag 10 centimeter høge. Som formidlande forskingsdirektør i Statistisk sentralbyrå fann han opp det omseggripande omgrepet «å rutta med». Utanfor dei indre kretsane seier det meir enn «realdisponibel inntekt etter skatt og stønader».
VERTINNA STOLAR IKKJE på at økonomiske rådgjevarar vil henne vel, så ho har alltid halde seg til kontantøkonomi og elles hatt pengar på bok. Derfor hadde ho stor age for finansminister Sigbjørn Johnsen som ikkje er fagøkonom, men har sans for dikt og trekte Rolf Jacobsen og Hans Børli inn i finanstalane.
Byråsjefen er på vakt når økonomar og politikarar finn kvarandre i ord og metaforar som løyner røyndomen både for forvaltninga og folk flest. Han forstår at økonomar må ty til derivering for å få modellane til å seia noko om usikre tendensar. Men han blir fortørna når han ser at øyrekviskrarane grip til den andrederiverte for å produsera forvirrande og bortforklarande retorikk for statsråden.
Om dette fører Byråsjefen statistikk, og han har ei stor dømesamling. Han er ein lojal tenestemann, men som Hjelpeskrivar trur han nok det kjem eit passande høve til å dela denne skatten med Spaltisten og lesarane av Dag og Tid.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva ein har «å rutta med», seier meir enn «realdisponibel inntekt etter skatt og stønader».
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.