Samfunnets liv og helse var i fareStatskanalen er i knipe. Eit av regjeringspartia hatar ARK. Dei to andre vil skrota lisensen.
Statskanalen er i knipe. Eit av regjeringspartia hatar ARK. Dei to andre vil skrota lisensen.
Streikande NRK-journalistar utanfor radiohuset på Marienlyst med eit banner som seier «rettferdig lønn». Andre krav var kompetanseheving og likebehandling av tilkallingsvikarar og andre medarbeidarar.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Når ein streik fører til at liv og helse og viktige samfunnsinteresser står i fare, grip styresmaktene inn med tvungen lønnsnemnd. Det gjeld ikkje for journalistar, streikevillige heismontørar og lærarar, men for lækjarar, flygeleiarar og oljearbeidarar. Så kjem Rikslønnsnemnda med skreddarsaum. Om ei gruppe skal løftast ut og opp, må det politiske inngrep til.
Frontfaga legg ramma, og ho er vel så heilag, ubryteleg, streng og rettferdig som Grunnlova, diagonalstilen, handlingsregelen og andre berande element i den norske modellen. Om kringkastingssjef Eriksen og den hardbalne Bratten skulle hatt eit anna spekter og gått over den konkurranseutsette smertegrensa på 2,8 prosent, ville NRK fått NHO, LO, YS, Unio og Akademikerne på nakken og tapt politisk legitimitet. Derfor måtte det kreative rekneøvingar til før partane fann ein kronglete sti rundt frontfagsbøygen, slik at det blei nokre ekstra kroner, men ikkje fleire desimalar.
BYRÅSJEFEN TRUR han må vera ein av dei aller mest trufaste NRK har. Dagen er ikkje den same utan. Politisk kvarter, Dagsnytt atten (Dax18 mellom venner) og Dagsrevyen er dei faste postane som gir dagen rituell struktur. Han får med seg lokale nyhende, og innimellom høyrer han mykje på reprisar i P2. Då reknar Byråsjefen seg som eit oppdatert menneske. Men han er interessert i sport også. Derfor fann han i si tid fram til TV 2, sjølv om dei helvetes reklamepausane plaga han. Men då Davy Wathne måtte slutta og fotballkampar forsvann til betalingskanalar, sa Byråsjefen takk for laget. Nå har han gitt opp å halda seg orientert, for papiravisene trykker så tidleg at dei ikkje får med seg søndagskampane og tabellane – og tabellar er Byråsjefen glad i. Han veit at alt er å finna på nettet, men der er det så mykje mas at han ligg unna – bortsett frå når laget hans spelar på bortebane. Trøysta har vore kortversjon i Kveldsnytt.
MED NRK-STREIKEN blei vondt verre. I den stille veka mista Byråsjefen rett og slett dei faste haldepunkta i døgn- og livsrytmen. Han sakna den heilage anden frå NRK som offentleg gode. Men han innsåg at regjeringa ikkje kunne gripa til tvungen lønnsnemnd, sjølv om nasjonens einskap, liv og helse var i fare.
Det som likevel er verst for Byråsjefen, er at han ikkje veit om han kan finna tilbake til det normale når fanene er senka og dei streikande er på lufta att. Han kjenner seg mest som ein streikebrytar, for sanninga er at ettersom dagane gjekk, tenkte han at det faktisk gjekk an å leva eit nokolunde fullverdig liv utan den daglege dosen NRK. Han las fleire tunge aviser, tidsskrift og bøker, og han fekk spela av fleire Torp-intervju som var lagra i opptak.
I nauda tydde Byråsjefen til kanalveljaren, og han måtte vedgå at TV 2 var ganske gode 17. mai – faktisk betre og meir opplysande enn det evige maset om is, pølse og vêr Norge rundt som NRK plar fôra oss med. Han har til og med tatt seg på tak og stilt inn DAB-radioen og funne ut at det er mykje forvitneleg der som han aldri har visst om. Han tok til å lura på om ikkje NRK treng velvillige byråsjefar meir enn han treng NRK.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.