Same kven som vinn, taper rettstryggleikenFord versus Kavanaugh hiv ei kanne bensin på legalitetsbålet.

Ford versus Kavanaugh hiv ei kanne bensin på legalitetsbålet.

Christine Blasey Ford lét att auga og svor at ho skulle fortelja sanninga, ikkje anna enn sanninga framfor justiskomiteen i Senatet.
Christine Blasey Ford lét att auga og svor at ho skulle fortelja sanninga, ikkje anna enn sanninga framfor justiskomiteen i Senatet.
Publisert

Tom Wolfe kunne ikkje ha skrive det betre. Ifølgje vitnemålet hennar framfor Senatets justiskomité torsdag 27. september vart Christine Blasey Ford utsett for eit seksuelt overfall av Brett Kavanaugh i 1982. Minnet hennar om denne hendinga vart delt og festa på teip for første gong i 2012 – 30 år etter at det skjedde – fordi ho ønskte at det nyoppussa huset hennar skulle ha to inngangsdører i front. Ettersom mannen hennar var usamd i dette ukonvensjonelle framlegget, søkte ekteparet råd. Det var under rådgjevinga ho skildra åtaket, men namnet Kavanaugh var ikkje nemnt i notata til terapeuten.

Seks år seinare, da det kom fram at Kavanaugh var ein aktuell kandidat til høgsterett, røpte ho historia si for Washington Post og kongresskvinna Anna Eshoo, og så for senator Dianne Feinstein. Seks veker etter å ha motteke brev frå Ford fortalde Feinstein andre medlemar av komiteen at brevet fanst. Gjennom ein eller annan mystisk prosess dukka namnet til Ford og skuldingane hennar opp i pressa.

Torsdag 27. i førre månad, etter mange forhandlingar, skjedde det endeleg: Ford versus Kavanaugh – personifiseringa av skismaet i hjartet av USA i dag. Ikkje så mykje kvinne versus mann som demokrat versus republikanar.

Det er sant at det dei seinaste vekene har kome fleire skuldingar mot Kavanaugh om uakseptabel seksuell åtferd. Men ingen av desse historiene, inkludert Fords, ville halde i ein rettssal, fordi ikkje finst ein snev av prov som stadfestar det som vert fortalt.

Etter å ha sett vitnemålet til Ford er eg ikkje i tvil om at ho trur det ho sa, er sant. Men som historikar som har brukt mange og lange timar på å intervjue folk om fortidige hendingar, også sterkt personlege saker, ser eg ikkje på det som godt nok til å øydeleggje omdømmet til ein framståande dommar.

Den menneskelege hugsen er jamt over svak på historie. Om eg skreiv Brett Kavanaughs biografi, kunne eg ikkje på grunnlag av usikre vitnemål lang tid etter hendingane teikne eit bilete av han som ein mann som freista valdta nokon i ungdomen og laug om det etterpå. Minnet hans er truleg heller ikkje perfekt. Men historia hans – at han som ung mann belma øl og hadde dei vanlege katolske førestillingane om sex – er meir plausibel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement