Sideblikk
Samanbrot i den politiske stafetten
Irreversibilitet var politisk kutyme. Nå er det vanleg å lova tannkremen tilbake på tuba.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) i spørjetimen på Stortinget onsdag i førre veke.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Erna Solberg meiner Støre-regjeringa manglar handlekraft. Prosjektet er berre er å reversera reformene frå hennar regjering. Statsminister Støre gir strykkarakter til slik opposisjonspolitikk: «Fire måneder etter at hun forlot regjeringsansvaret, har hun sluttet å ta ansvar. Hun kommer med lettvint kritikk for å gjøre seg interessant.» Mens han har hendene fulle med å reparera og rydda, for ho etterlét seg eit Noreg på etterskot.
LITE RAUS ORDBRUK og kontrære posisjoneringar signaliserer eit skifte i tilhøvet mellom dei to store styringspartia. I nyare tid har dei heller dyrka felleseige og sett si ære i å koma fram til kompromiss og skapa breie forlik som overlever skiftande fleirtal og regjeringar.
Når ei regjering med ein annan politisk vernefarge overtar, har det vore vanleg å føra stafettpinnen vidare med litt endra rytme og retning, revidering og retorikk. Symboltunge verdisaker kan bli haussa opp, men strukturendringane består. Det er dette med tannkremen og tuba.
DEN POLITISKE NORMALEN i 75 år etter krigen var at eit parti som tapte ei hjartesak, forsona seg med det etter ei tid, det gjeld til og med Kristeleg Folkeparti. Høgre har 150 års erfaring med å bita i seg arbeids- og sosialpolitiske nederlag utan å bli reaksjonære. I staden tok dei til å skryta av sine aksjar i velferdsstaten.
Etter 20 års sosialdemokratisk dominans gjennomførte ikkje Borten-regjeringa eit systemskifte i 1965. Gro Harlem Brundtlands suksessive mindretalsregjeringar førte vidare Willoch-reformene på 1980-talet. Erna Solberg og Siv Jensen omkalfatra ikkje Stoltenbergs administrasjonsregime så mykje som dei prøvde å gje inntrykk av.
SPALTISTEN KLARER ikkje å motstå freistinga til å plagiera seg sjølv med noko han skreiv i eit framtidsbilde for ein mannsalder og ei handfull regjeringar sidan: «Viktige beslutninger ble flyttet bort fra politiske organer. Politikken var pragmatisk og fortonte seg som et stafettløp: De som overtok regjeringsmakten, førte den forrige regjerings politikk videre uten å gjøre om vedtak de tidligere var imot. Den partipolitiske prosessen fortsatte å dreie fra saker til symboler. Politisk debatt ble preget av temaer som var mer egnet til kortvarig medieeksponering enn langsiktige endringer. Irreversibilitet var politisk kutyme.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.