Psykisk helse
Ein veletablert psykiater gjekk på ein smell då ho møtte ein ung rappar med ADHD og rusproblem. Det har det blitt både film og bok av.
Michael Kildal og Melanie Ekholdt har blitt godt kjende på dei ti åra som har gått sidan ho såg han på TV og tok kontakt. Her er dei på Litteraturhuset i Oslo for å snakke om boka dei har skrive – om dialogens kraft i møte mellom behandlarar og urolege gutar.
Foto: Marita Liabø
Hausten 2015 sat barne- og ungdomspsykiater og trebarnsmor Melanie Ekholdt i sofaen og såg finalen i Norske Talenter, der den unge florøværingen Michael Kildal rappa: «Speil, korleis kan du dømme meg, når heile verda allereie gjer det?»
– Eg tenkte at han var ein filosof i praksis, seier ho.
Ho tok kontakt. Ho var særleg nysgjerrig på ADHD-diagnosen han fekk då han var 14 år, og at pillene han fekk, førte han inn i ein ruskultur. Ho stilte spørsmål ved si eiga rolle – kor knytt ho var til diagnostisering og medisinering. Var ho eigentleg til hjelp?
– Å ikkje gi medisin er det same som å ikkje vere ein god lege, tenkte eg før. No tenkte eg: Kva om det er omvendt? Kva om eg har bidratt til å skade eller øydelegge liv?
Mens Kildal fekk erfare at deltakarar i musikkonkurransar fort blir gløymde, hamna Ekholdt i ei profesjonskrise. Ho valde å seie opp jobben på Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Bup) og lage film basert på møta deira. Ho blei litt galen, som ho seier.
Forelska i galskap hadde premiere i 2020 og har blant anna vunne prisar på filmfestivalane Overcome, Mental Filmness og Impact Doc i USA.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.