Saboterer norsk lov
Domstoladministrasjonen som har ansvaret for det norske rettsvesenet, bryt både forvaltningslova og mållova og saboterer pålegg frå Språkrådet.
Sven Marius Urke er direktør for Domstoladministrasjonen, som bryt mållova.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Lov
vidar@dagogtid.no
Domstoladministrasjonen (DA) brukte fire og eit halvt år på å utarbeide den såkalla Aktørportalen på nynorsk etter at bokmålsversjonen var lansert i mai 2013. Det var Hordaland mållag som gjorde Språkrådet merksam på mangelen etter å ha oppdaga at korkje Bergen tingrett eller Gulating lagmannsrett, som begge har nynorsk som administrasjonsspråk, hadde Aktørportalen på nynorsk.
Språkrådet har tilsynsansvar for norsk offentleg forvaltning. Språkrådet bad 9. mai i 2017 Domstoladministrasjonen gjere greie for når og korleis ein nynorsk versjon av Aktørportalen ville vere tilgjengeleg for dei domstolane som har plikt til å ha portalen på nynorsk. Språkrådet kritiserte her at Domstoladministrasjonen hadde sett i verk Aktørportalen på bokmål utan å ha ein nynorsk versjon til same tid. Dei fekk frist til 30. mai 2017 med å levere svar.
Fristen vart ikkje overhalden. To nye purringar vart sende frå Språkrådet utan at Domstoladministrasjonen fann grunn til å svare.
«Særleg uheldig»
28. november 2017 sende Språkrådet ei ny purring til Domstoladministrasjonen. Her heiter det mellom anna: «Som me har gjort det klart tidlegare, krev lova at Aktørportalen skal vere tilgjengeleg i fullstendige versjonar i begge målformer. Slik situasjonen er no, har stadig nye domstolar blitt omfatta av portalen, utan at det finst språkstøtte for begge målformer. Det er særleg uheldig at domstolar med nynorsk som tenestemål, slik som Gulating lagmannsrett og Bergen tingrett, ikkje får ein portal som stettar dei pliktene desse domstolane har jf. mållova. Etter Språkrådet sitt syn burde ein aldri ha rulla ut dette systemet før støtte for nynorsk var på plass.»
«Sidan dette no allereie er gjort, ventar me at denne saka endeleg vert teken tak i, og at Domstoladministrasjonen faktisk svarer på dei breva som Språkrådet sender», skriv Språkrådet.
Ikkje svar
Eitt år har gått utan at Domstoladministrasjonen funne grunn til å svare Språkrådet.
Språkrådet la i brevet frå mai 2017 til grunn at Aktørportalen vart teken i bruk frå slutten av 2016. Realiteten var derimot at portalen vart teken i bruk alt i mai 2013.
Utan å korrigere mistydinga opplyser Domstoladministrasjonen i eit brev til Språkrådet i april 2017 at «Domstoladministrasjonen har allereie planlagt å få på plass ein nynorsk versjon, og arbeidet har starta».
Domstoladministrasjonen opplyser no til Dag og Tid at nynorskversjonen kom først i november 2017, altså fire og eit halvt år etter at portalen kom på lufta. Ein har altså ikkje hatt nokon tanke for pliktene som fylgjer av mållova.
«Obstruksjon»
– Domstoladministrasjonen demonstrerer dårleg etterleving av norsk lov frå eit hald ein skulle vente betre av. Å ikkje etterleve lova er under all kritikk, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, til Dag og Tid.
Og ho legg til:
– Eit minimum av det ein kan vente av ein statleg institusjon, er at ein svarar på spørsmål. Dersom Domstoladministrasjonen driv ei form for relativisering av kva lover ein treng å fylgje, då har vi eit større problem. Det er i så fall heilt uhøyrt. Det er rimeleg å karakterisere dette som obstruksjon mot norsk lov. Vi har no sendt eit nytt brev med kort svarfrist og varslar at om dei ikkje no endrar praksis og svarar, vil vi ta saka opp med Justisdepartementet, seier Wetås.
Fleire lovbrot
Fleire andre døme viser at Domstoladministrasjonen ikkje bryr seg om å fylgje mållova slik ein pliktar. I juni i år mottok Dag og Tid fleire svarbrev frå Domstoladministrasjonen som innebar brot på mållova. Vi tok saka opp med Språkrådet, som 29. juni sende brev til dei med krav om forklaring og med svarfrist 1. august.
Heller ikkje dette fann Domstoladministrasjonen grunn til å svare på. Den 21. august sende Språkrådet purring utan at det kom noko svar. Den 8. oktober sende Dag og Tid brev til Domstoladministrasjonen med spørsmål om kvifor dei meinte å kunne heve seg over forvaltningslova ved å unnlate å svare og gjennom vedvarande brot på mållova.
Den 19. oktober, to og ein halv månad etter fristen, kom det endeleg eit svar frå Domstoladministrasjonen der dei bad om orsaking for at dei ikkje har svara tidlegare, men utan noka forklaring. Svaret var langt frå tilfredsstillande. Og sjølv om dei skriv at Domstoladministrasjonen freistar å fylgje mållova, kom det ei veke seinare eit nytt brev frå Domstoladministrasjonen som braut mållova.
Nye feil
Dag og Tid har først munnleg, så skriftleg, bede direktøren for Domstoladministrasjonen, Sven Marius Urke, forklare kvifor dei bryt mållova og forvaltningslova. Vi har også spurt han korleis han kan forsvare praksisen.
I e-post til Dag og Tid, der Urke sjølv bryt mållova, opplyser han at han ikkje kjenner til desse sakene. Han overlèt til Iwar Arnstad, som er konstituert avdelingsdirektør, å ta seg av spørsmål og svar.
Arnstad hevda først at Domstoladministrasjonen har svara Språkrådet. Han har seinare kome tilbake og opplyst at dei diverre ikkje har svara «på grunn av ei intern mistyding». Svar på kvifor ein brukar så lang tid på å svare, eller ikkje svarar i det heile, får vi ikkje.
Aktørportalen
Aktørportalen er ein kanal der domstolar og advokatar utvekslar dokument og saksinformasjon i sivile skjøns- og tvistesaker. Behandling av salær i både tvistesaker og straffesaker skjer også via portalen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Domstoladministrasjonen
demonstrerer dårleg etterleving av norsk lov frå eit hald ein skulle vente betre av.
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»