JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Rykte om krig

I den grad det er mogeleg, skal denne teksten ikkje handla om krigen mellom Hamas og Israel, men om ringverknader krigen gjev andre stader i verda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måndag 9. oktober vart Eiffeltårnet i Paris lyssett i fargane til det israelske flagget etter Hamas-åtaket mot Israel to dagar før.

Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB

13176
20231020
13176
20231020

Kommentar

havard@dagogtid.no

Ringverknadene er mange og varierte. Eit nært og uskuldig døme: Sundag kveld, då me stod i raude landslagstrøyer på eit utselt Ullevål i Oslo for å sjå EM-kvalifiseringskampen mellom Noreg og Spania, vart dei fyrste og førebelse offera i krigen minna. Då hadde me nett sunge kongesangen i ei markering av at Harald 5. var hjå oss på stadion.

Bakgrunnen

I snart to år har ein sett ringverknader av Russland–Ukraina-krigen i form av store og små flagg frå offentlege og private bygningar og demonstrasjonar framføre parlamentshus. Langt merkbarare er ringverknadene av den snart to veker gamle krigen i Midtausten.

Krigen byrja med Hamas-åtaket laurdag 7. oktober, ein sabbat og festdag då 1400 i hovudsak sivile israelarar vart drepne av fleire tusen rakettar frå Gaza og 2500 militante palestinarar. Somme av dei nytta paraglidarar då dei i høgtidshelga gjekk til åtak på ein musikkfestival der kring 250 unge vart drepne.

Dagen etter byrja den israelske bombinga av mål på Gazastripa, der meir enn 2 millionar innbyggjarar er meir eller mindre innesperra på eit område mindre enn Jan Mayen.

Chicago, USA

Som ein del av ringverknadene av Hamas–Israel-krigen har menneske vorte drepne langt frå Midtausten. Eit tidleg dødsoffer var seks år gamle Wadea Al-Fayoume.

«Palestinsk-amerikansk gut dolka i hel i USA i eit mord relatert til Gazakrigen», var overskrifta i Al Jazeera etter ei hending utanfor Chicago laurdag 14. oktober. «Amerikansk politi har sikta ein 71 år gamal mann for drap og hatkriminalitet, mistenkt for å ha knivdrepe ein seks år gamal gut og såra den 32 år gamle mor hans. Mykje tyder på at han såg seg ut ofra sine på grunn av deira religion og som ein reaksjon på krigen mellom Israel og Hamas.»

Hanaan Shahin og Wadea Al-Fayoume, mor og son, vart funne i heimen sin laurdag morgon. Seksåringen var knivstukke 26 gonger med ein militærliknande kniv og døydde av skadane, medan mora, stukke eit dusin gonger, ser ut til å overleva. Ifylgje tekstmeldingar som Hanaan Shahin sende far til guten, skal den sikta ha ropt: «De muslimar lyt døy!»

Proisraelsk markering

Dei fyrste timane og dagane etter Hamas-åtaket laurdag 7. oktober kom det til proisraelske markeringar mange stader i verda. Under overskrifta «Solidaritet med Israel» melde CNN World onsdag 11. oktober: «Mange av dei mest kjende landemerka i verda har dei siste dagane vore lyste opp i dei blå og kvite fargane til det israelske flagget som eit teikn på solidaritet. Frå stader som Eiffeltårnet i Paris og Operahuset i Sydney til Det kvite huset i Washington DC og Empire State Building i New York City har det vore ei uvanleg framvising av global støtte, på eit vis som mange i dei jødiske miljøa aldri har sett før.»

CNN held fram: «Men medan desse uttrykka for solidaritet har vore ynskste velkomne av proisraelske støttespelarar, har ein i mange byar vore nøydde til å skjerpa tryggleiken kring synagogar og andre jødiske institusjonar.»

Andre kjende stader som vart bada i blått og kvitt, med projeksjonar av det israelske flagget, var Brandenburg-porten i Berlin, offentlege bygg i Baku i Aserbajdsjan og den 68 meter høge obelisken i Buenos Aires i Argentina.

Ringverknadane

Alle som lever i dag, har vakse opp med å høyra om krig og konflikt i Midtausten. Det er 75 år sidan krigen som raste då staten Israel vart oppretta i 1948, og som førte til at hundretusenvis av palestinarar vart fordrivne frå område i dagens Israel og jødar frå muslimske land i storregionen.

Krigane i regionen har sidan vore mange, men av di me lever i ei folkevandringstid, har ringverknadene i verda elles endra seg med dei demografiske endringane. 2023-krigen får såleis verknader som tidlegare krigar i området ikkje fekk. Konflikten verkar om mogeleg meir uløyseleg no enn for femti år sidan, under Jom Kippur-krigen, eller for tretti år sidan, då Oslo-avtalen kom i stand. Ein stor skilnad er at straumen av nyhende og menneske har auka sterkt.

I dei fyrste timane etter at Al-Ahli Arabi-sjukehuset i Gaza vart råka tysdag, var somme større norske nettstader av dei mest bombastiske og skråsikre, meir enn til dømes Al Jazeerah, både med omsyn til skuld og dødstal. Den kommersielt styrte klikkjournalistikken veit å spela på panikkjenslene i ein krig.

Australia

Ringverknader av Hamas–Israel-krigen nådde snøgt til Australia. «For fyrste gong fryktar jødane i Sydney å gå ut på gata», melde Australia Financial Review onsdag 11. oktober, fire dagar etter terroråtaka. «Storbyen var ein gong rekna som ein tilfluktsstad, men ein antiisraelsk protest denne veka gjorde Sydney til ein fiendsleg stad for mange jødar.»

Då Libanon-krigen gjekk føre seg i 1982, budde det kring 77.000 muslimar i Australia, færre enn talet på jødar som bur der i dag. Men styrketilhøvet mellom dei to gruppene har endra seg. Medan det i dag bur nær 100.000 jødar i Australia, har talet på muslimar vorte om lag ti gonger så høgt, nær ein million.

Kva som no utløyste redsle «hjå mange av jødane i Sydney», skriv Australia Financial Review, «var ein pro-Hamas-protestmarsj måndag kveld frå rådhuset til operahuset i byen. På grunn av marsjen åtvara både australsk politi og jødiske organisasjonar jødane i byen om å halda seg borte frå sentrum av omsyn til eigen tryggleik.»

Propalestinske marsjar

I Frankrike og Tyskland har propalestinske demonstrasjonar vorte forbodne. Mange skjønar intuitivt frykta styresmaktene har for at demonstrasjonar skal utvikla seg til opptøyar, men det radikale forbodet vert oppsiktsvekkjande lite debattert.

Éin ting er at ein einskild demonstrasjon av ulike grunnar ikkje vert tillaten, men i eit demokratisk Vest-Europa er me ikkje vande med at eit uavgrensa demonstrasjonsforbod råkar éi politisk gruppe. Somme av demonstrasjonane mot amerikansk krigføring i Vietnam for drygt femti år sidan, kunne utarta til vald, men eit absolutt forbod var utenkjeleg.

Kvifor forbod no? Kva er det uttrykk for? Er forbodet eit alarmerande uttrykk for at valdsmonopolet er i ferd med å gleppa?

I 1950, få år før krigen mellom Frankrike og Algerie, budde det 230.000 muslimar i Frankrike. Sidan har det skjedd ei trettidobling, til kring 5–7 millionar muslimar. I same periode har det i Tyskland vore ei auke frå 20.000 til drygt 4 millionar muslimar. Det er som ei fornærming mot europeiske muslimar å måtte seia at berre ytst få kan gripa til vald, men med ei samla tysk og fransk auke frå ein kvart million til ti millionar kan ytst få verta ein del om Midtausten står i flammar, og heimslege medium ser eigennytte i å bera ved til bålet.

Demonstrasjonsforbodet er i seg sjølve ein provokasjon. Korleis oppfattar demonstrasjonsviljuge palestinasympatisørar at den vestlege ytringsfridomen kan tillata koranbrenningar, men ikkje antikrigsdemonstrasjonar?

Vest-Europa er i ei snøgg og djup endring, ikkje berre demografisk, men demokratisk òg. Ein lyt nok sjå demonstrasjonsforbodet i samanheng med at andre innskrenkingar av ytringsfridomen med eitt kjennest intuitivt rett, til dømes forbod mot religionskritiske ytringar som brenning av skrifter somme held heilage. Hadde rettsstat og demokrati slik me kjenner dei, som føresetnad ein annan demografi enn Vest-Europa har i dag?

Pro-Hamas-markeringar

Mellom dei proisraelske i Vesten er me vande med at det finst grupper frå ideologiske og religiøse utkantar. Dei politiske gruppene som den siste tida har markert støtte til Hamas representerer ei større breidd – som ein elles berre kjenner frå antisionistiske og holocaustfornektande samlingar, der både nynazistar, islamistar og venstreekstreme deltek.

I Chicago, heimbyen til den myrda, palestinskamerikanske seksåringen Wadea Al-Fayoume, har Black Lives Matter-avdelinga, ifylgje Wall Street Journal og The Telegraph, markert støtte til Hamas med ein illustrasjon av ein terrorist i ein paraglider, ein slik styrbar fallskjerm som vart nytta av væpna palestinarar som deltok i massakreringa av eit kvart tusen unge festivaldeltakarar. Illustrasjonen vart delt med dei 60.000 fylgjarane, men sidan fjerna.

Dei høgreekstreme

Hamas-massakrane fekk støtte frå både Black Lives Matter Chicago og Den nordiske motstandsbevegelsen (DNM), tidlegare kjend som Vitt ariskt motstånd, «en terrororganisasjon og en militant nazigruppe», ifylgje Wikipedia. «Den nordiske motstandsbevegelsen stiller seg helhjertet bak den palestinske offensiven», kunngjorde DNM alt laurdag 7. oktober, same dagen som Hamas-massakrane, og heldt fram: «På samme måte som vi her hjemme kjemper videre, under de betingelser og premisser som råder her, for et nytt og fritt Norden, ønsker vi det palestinske folk lykke til i kampen for et nytt og fritt Palestina. Lenge leve Norden! Lenge leve Palestina! Knus sionismen! Den nordiske motstandsbevegelsen vil, med alle tilgjengelige midler, på lang sikt, arbeide for å ta tilbake makten fra den globale sionistiske eliten som økonomisk og rent militært har okkupert større deler av vår verden.»

Liknande reaksjonar har kome frå høgreekstreme i andre delar av verda, skriv USA Today: «Lokale ekstremistar, kvite supremacistar og konspirasjonsteoretikarar har på nettet feira åtaket på Israel. Mykje av hatet syner seg på Telegram, meldingstenesta og sosiale medium-plattforma til ekstremistar. Men hatefulle meldingar har også vore delte på X [Twitter] og på Gab, ei anna ytterleggåande plattform som er populær hjå høgreekstremistar.»

Frankrike

«Ein lærar er drepen og to andre alvorleg skadde i eit knivåtak på ein skule i Frankrike», melde BBC News fredag 13. oktober, etter at ein russisktsjetsjensk tidlegare elev ved den vidaregåande skulen i Arras hadde knivdrepe litteraturlæraren Dominique Bernard. «Vitne fortel at den sikta ropte ’Allahu Akbar’, eller ’Gud er størst’, under åtaket», melde BBC. «Valdsmannen, den tjue år gamle russaren Mohamed Mogouchkov, er av tsjetsjensk opphav og kjend av tryggingspolitiet for å ha vore engasjert i islamistisk ekstremisme. Som tidlegare elev ved skulen skremde han lærarar med synspunkta sine.»

Åtaket kom nær tre år etter at russisktsjetsjenske Abdullakh Anzorov, 18 år gamal, halshogg læraren Samuel Paty på ein skule utanfor Paris.

Om drapet på Dominique Bernard skreiv Daily Mail at «åtaket kjem på dagen Hamas-leiarar har oppmoda muslimar i verda til å markera som ’ein jihad-dag’», fredag 13. oktober. Fransk politi melde at eit liknande åtak vart avverja ein annan stad i landet.

I fotballverda

Dei små og med kvart større ringverknadene av krigen i fotballverda har halde fram. Den tyske storklubben Bayern München, som nazistane for åtti år sidan stempla som «Judenklub», har kalla inn på teppet forsvarsspelaren Noussair Mazraoui, fast i den tyske klubben og på det marokkanske landslaget, «etter at han publiserte flere propalestinske innlegg», ifylgje Nettavisen.

Før EM-kvalifiseringskampen mellom Frankrike og Nederland i Amsterdam om kvelden fredag 13. oktober var det ein minutts tagnad til minne om mellom andre den franske læraren Dominique Bernard som same føremiddag vart knivdrepen av Mohamed Mogouchkov i Frankrike.

Den franske landslagsspelaren Jean-Clair Todibo har sidan orsaka at han byrja å le under tagnaden. Låtten såg ein i fjernsynsoverføringa av kampen. Nice-spelaren Todibo vil somme hugsa frå april i år, då han, ifylgje OneFootball, «skal ha eksplodert» på treningsfeltet etter at trenaren oppmoda spelarane om ta til seg næring under ramadan.

Kvalifiseringskampar

Før EM-kvalifiseringskampen mellom Belgia og Sverige i Brussel måndag 16. oktober jakta tunisiaren Abdesalem Lassoued med eit maskingevær på svenskar i gul landslagstrøye, og drap to av dei, mellom andre den 60 år gamle supporteren Patrick Lundström.

The Telegraph melde at «tidlegare same måndag hadde terroristen delt ei melding på sosiale medium om ein seks år gamal palestinskamerikansk gut som vart knivstukken 26 gonger i Chicago», nemnde Wadea Al-Fayoume. «På Facebook skreiv terroristen at om guten hadde vore ein kristen, ’ville det ha vore kalla terrorisme og ikkje eit brutalt brotsverk’.» Chicago-politiet var tidleg ute med å kalla drapet på guten for «hatkriminalitet», om ikkje «terrorisme», ein term mange medium helst nyttar om muslimar, slik dei nyttar «rasisme» helst om kvite.

Majorstukrysset

I Oslo sundag kveld, då me gjekk gjennom Majorstukrysset i raude landslagstrøyer, på veg heim frå EM-kvalifiseringskampen på Ullevål, vart gata med eitt opplyst av blåljos frå utrykkingskøyretøy. Det var den svarte bilen med Harald 5. som skulle passera.

Me tok oppstilling på fortauet for å sjå, og me kjende eit sus av historie og alvor i haustkvelden. Han som sat i bilen i blåljoset, hadde som åtteåring, for nær åtti år sidan, vendt heim til Noreg etter at nazistane var nedkjempa.

Krig har markert andre milepælar i soga hans. For drygt tretti år sidan vart han konge då far hans, Olav 5., døydde, same dag som ein USA-leia koalisjon gjekk til åtak på eit Irak som under Saddam Hussein hadde invadert og okkupert Kuwait. I det lange livet hans har landet og verda vore i mange lagnadstimar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis