Ryddesjau på kloden
Kan vi sjå for oss ein himmel utan stjerner? Det finst løysingar på klimaendringane, men fleire av dei er både drastiske og skremmande.
Handsaminga av klimasøksmålet starta i Høgsterett denne veka.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Det er onsdag morgon, og ei gruppe menneske med svarte munnbind er i aktivitet utanfor Høgsterett i Oslo. Dei gestikulerer, noterer, knipsar bilete og gjev intervju. Ein jordklode av is er plassert på fortauet, saman med ein isblokk.
«Klimasøksmål», står det på munnbinda. Greenpeace og Natur og Ungdom har saksøkt staten fordi dei meiner Grunnlova vart broten då Barentshavet vart opna for oljeboring. Miljøorganisasjonane har tapt i to rettsinstansar. Denne dagen markerer dei at handsaminga i Høgsterett byrjar. Dommarane vil gje det endelege svaret på om grunnlovsparagraf 112 er broten. Paragrafen seier at både vi som leverer i dag, og dei som kjem etter oss, har krav på eit sunt miljø.
Klimasøksmål er ikkje unikt for Noreg. I desember i fjor vann den nederlandske miljøorganisasjonen Urgenda eit søksmål mot staten, som fekk pålegg om å redusere klimagassutsleppa med 25 prosent samanlikna med 1990-nivået, i løpet av 2020.
Søksmåla vitnar om ein alarm som går.
Utslepp i revers
Ei av dei som uroar seg, er fysikar og forfattar Anja Røyne. I 2018 fekk ho Brageprisen for ei bok om grunnstoffa, som verda og menneska er sette saman av. No er bok nummer to ute, Varm klode, kaldt hode. Løsninger på klimakrisen. Her gjev ho oversikt over dei mange trulege og utrulege løysingane det vert forska på og eksperimentert med, i håp om at dei kan halde temperaturen på jorda på eit nivå vi alle kan leve med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.