Rust og blod
Glasgow ligg ikkje nokre mil unna Edinburgh. Det er omvendt, seier folk i Glasgow.
DEL 4: 18. september skal skottane svare på spørsmålet: «Bør Skottland bli eit sjølvstendig land?» Svarar fleirtalet «ja», vert unionen med England frå 1707 oppheva. I fire reportasjar i Dag og Tid freistar Morten A. Strøksnes å formidla stemningar, argument og konsekvensar, etter å ha reist landet rundt.
Når eg kjem til Glasgow, står byen på hovudet. Det er siste dag av Commonwealthleikane, berre gateritt for sykkel står igjen. Store delar av gatenettet er sperra av for trafikk, men eg har flaks og får parkert bilen og rekk akkurat hovudfeltet som susar forbi i stor fart, på syltynne dekk over regnvåt og sleip brustein.
Leikane har vore ein suksess. Avisene tek bølgja og overdriv i kjent stil Commonwealthleikanes storleik og tyding, ikkje berre for Glasgow og Skottland, men for heile verda. «Verda føler kjærleiken og gleda», skriv The Herald. «Glasgow vil aldri verte det same», skriv The Scotsman. «Leikane vi vil snakke om i 50 år», skriv Daily Express.
Skottane har sanka 53 medaljar, noko som gjer dei til fjerde beste nasjon, ein langt høgare plassering enn folketalet skulle tilseie. Ifølgje éin kommentator har leikane likevel ikkje gjeve Ja-sida noko ekstra. For på Hampden Park har skottane vist eit nesten umenneskeleg storsinn og heia på alle – sjølv på engelskmenn!
Eg går mot Glasgows berykta East End, eit arbeidarstrøk der arbeidsføre har vore utan arbeid i eit par generasjonar. Men først må eg gjennom eit sentrum som har pynta seg i den finaste stasen sin for leikane. Gatene er pakka med folk, mange eksotiske landsslag går rundt i treningsdrakter med ukjente flagg. Dei har ein fridag før avslutningsseremonien på Glasgow Green. Gatemusikantar og artistar av ulik art står på fortaua. Maniske presbyterianske gatepredikantar smir medan jarnet er varmt, og lovar folk eld og svovel i snarleg framtid. Det er liv og røre overalt. Men ikkje nokon stad observerer eg eit teikn til at skottane om kort tid skal ta si viktigaste demokratiske avgjerd nokosinne.
Over byen svevar politihelikopter. Kva ser dei ned på, der oppe frå? Ein by som er delt sosiologisk mellom aust og vest, og geografisk mellom nord og sør av elva Clyde. Sentrum og vestkanten av Glasgow har mange praktfulle viktorianske bygningar som vitnar om byen si glanstid, da rike handelsfolk bygde palass, kyrkjer, bibliotek og varehus. Frå høgdedraga nord i byen – her minner byen både om Bergen og San Francisco – ser ein gjennom snorrette gater ned mot Clyde. Elva skapte byen. Dei siste tjue åra har ei rekkje vellukka moderne bygningar gjeve nytt liv til sentrum og til dels breidda av Clyde. Industrikultur er vorten skifta ut med kulturindustri, og ikkje utan suksess.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.