Utanriks
Russlands samvit
I redaksjonslokala til Novaja Gazeta finn du ein minnevegg med bilete av seks drepne journalistar. Nobelprisen er til dei og til dei andre russiske journalistane som framleis tør å grave etter sanninga trass i trugsmål.
Ane Tusvik Bonde legg ned roser for Anna Politkovskaja ved Russlands ambassade 7. oktober 2021.
Foto: Privat
Om morgonen 7. oktober, 15 år etter at Anna Politkovskaja blei skoten utanfor heisen i oppgangen der ho budde i Moskva, la vi ned blomar på hjørnet av Drammensvegen i Oslo der den russiske ambassaden ligg. Vi skreiv namnet hennar, Anna, med raude roser, for å sørgje for at vi sjølv, dei som gjekk forbi, og dei som ganske sikkert rydda blomane bort, ikkje skulle gløyme den modige stemma. Stemma som aldri slutta å grave og avdekkje menneskerettsbrot i Russland, spesielt i Tsjetsjenia, og som aldri slutta å spørje kven som stod bak ugjerningane.
I redaksjonslokala til Novaja Gazeta er det ein minnevegg med bilete av Anna Politkovskaja og dei andre medarbeidarane som har mista livet. Då redaktør Dmitrij Muratov fekk vite at han var tildelt fredsprisen, tileigna han prisen til dei drepne kollegaene sine: Igor Domnikov, Jurij Sjtsjekotsjikhin, Anna Politkovskaja, Stanislav Markelov, Anastasija Baburova og Natalja Estemirova. Seks menneske. Skoten, kidnappa og forgifta er døme på lagnaden deira.
Igor Domnikov var den fyrste. Som journalist dekte han stoff om kultur og utdanning. I 2000 blei han angripen med hammar utanfor bustaden sin i Moskva. I same oppgang budde ein annan journalist frå Novaja Gazeta som hadde grave i korrupsjonssaker i oljenæringa. Fleire kollegaer trur hammarslaga var meinte for han.
Jurij Sjtsjekotsjikhin som var redaktør, døydde under mystiske omstende i 2003 medan han undersøkte om tryggleikstenestene kunne vere innblanda i bombinga av fleire bustader i Moskva og andre byar i 1999.
Stanislav Markelov blei skoten på open gate 19. januar 2009. Han jobba som advokat for Novaja Gazeta og var bistandsadvokat for fleire av offera Anna Politkovskaja hadde skrive om.
Anastasija Baburova, praktikant hos Novaja Gazeta, som hadde teke følgje med han ut frå ein pressekonferanse, blei òg skoten og døydde seinare av skadane. To unge nynazistar vart dømde i 2011. Då eg var observatør for norske Amnesty i ei ankesak i Moskva i 2006, møtte eg Markelov, som var bistandsadvokat for den råka familien. Eg hugsar han køyrde på med argument medan domaren gjorde det han kunne for å ignorere han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.