Utanriks
Russland har nær dobla kveiteeksporten
Russland har vorte verdas største kveiteeksportør og har nær dobla eksporten sidan krigen tok til. Det utfordrar også Europa, seier Christian Anton Smedshaug.
Ukrainas kveiteeksport er nær halvert samanlikna med åra før krigen. Samstundes når den russiske korneksporten nye høgder. Biletet er frå ein åker i landsbyen Kyshchentsi i juni.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Tidlegare denne månaden melde Landbruksdirektoratet at produksjonen av norsk korn for sesongen 2023–2024 vert 43 prosent lågare enn i fjor og 31 prosent lågare enn snittet for dei siste fem åra.
Den tørre forsommaren i år, etterfølgd av mengder med nedbør i august, har i tillegg gått ut over kvaliteten på kornet, slik at langt mindre enn vanleg kan brukast til mat. Det inneber at Noreg truleg må importere rundt 218.000 tonn matkorn for året 2023–2024 – 85.000 tonn meir enn snittet dei siste ti åra.
Hovudsakleg kveite
Det er kveite som utgjer hovuddelen av matkornforbruket i Noreg, og importen kjem fyrst og fremst frå EU, som er blant verdas største kveiteeksportørar. Men produksjonen i EU svingar òg, og han ligg no an til å gå frå 140 millionar tonn i snitt i 2019–2021 til 133 millionar tonn i inneverande år, ifølgje dei nyaste prognosane frå FNs organisasjon for ernæring og landbruk, FAO.
Mindre kveiteeksportørar som Australia, Argentina og Canada har òg hatt svak produksjonsnedgang i same tidsperiode, medan land som Kina, USA, India, Pakistan og Tyrkia har auka produksjonen noko.
Dei fleste av desse endringane er derimot relativt små. Unntaket er for Russland og Ukraina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.