Krig

Russiske sjamanar mot ukrainske amulettar

I Kharkiv-regionen har ukrainske troppar pressa den russiske hæren attende nesten til den russiske grensa. Russisk artilleri kan ikkje lenger bombardere sentrale Kharkiv, ein by med ein million innbyggjarar, men kan framleis bombe forstadene og dei fjernaste nordlege distrikta.

Bygningar i eit bustadområde og forbipasserande spegla i eit butikkvindauge øydelagt av russiske klasebomber 23. mai 2022.
Bygningar i eit bustadområde og forbipasserande spegla i eit butikkvindauge øydelagt av russiske klasebomber 23. mai 2022.
Publisert

Dei som bur i Kharkiv, har byrja gå ut oftare, sjølv om det dei ser, øydelagde hus og utbrende bilar, knapt kan gle noko blikk. Men dei kommunale tenestene freistar få ting i orden att, og dei har til og med lova at metroen skal setjast i drift på nytt i nær framtid. Det har han ikkje vore sidan krigen tok til.

Rett nok er det tusenvis av menneske som framleis bur på metroplattformene, der dei har søkt ly for russiske bomber og rakettar heile denne tida. Dei har alt fått tilbod om bustad med alt som trengst, men inntil vidare har dei det ikkje travelt med å dukke opp til overflata. Nokre er livredde for opne plassar. Etter dei første dagane med kampanjar for å få dei til å flytte har berre 33 gått med på å forlate metrostasjonane.

Før ein kan late toga gå gjennom tunnelane, vert fleire titals friviljuge sende ned i dei med lommelykter. Medan krigen har rasa, har mange kattar og hundar kome vekk frå eigarane, som gøymde seg på plattformene med kjæledyra sine. Alle desse dyra bør bli funne og på eit eller anna vis gjeve attende til eigarane, eller i alle fall sleppte ut av metrosystemet.

No kan ein sjå mange katter i band, slik at dei ikkje stikk av og tullar seg bort i dei underjordiske tunnelane. På gatene i Kharkiv kan lyden av trikken høyrast att. Når ein berre har høyrt lyden av luftvernsirener, eksplosjonar og skot i lang tid, kan den plutselege klemtinga frå trikken mot ein stille bakgrunn gje forbipasserande inntrykk av at dei er i paradis.

Ja, himmel og helvete har fått konkret form i ukrainske sinn dei tre siste månadene. No er helvete Mariupol, Butsja, Hostomel, Vorzel og mange andre øydelagde byar og landsbyar. Og paradiset er dei same byane og landsbyane før krigen.

Helvete har ein spesiell plass på kartet og sin eigen hovudstad – Moskva. Den største ulukka for noko land er å ha sams grense med helvete. Det er ei vanleg oppfatning, særleg blant truande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement