JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Russisk søndagsrevy

Kvar søndag kveld klokka åtte går nyhendemagasinet Vesti Nedeli på lufta. Det er det mest sette nyhendeprogrammet i Russland, og Dmitrij Kiseljov er ein populær programleiar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dmitrij Kiseljov leier nyhendemagasinet Vesti Nedeli.

Alle foto: Skjermbilete frå russisk statsfjernsyn.

12828
20220930
12828
20220930

Programleiar Dmitrij Kiseljov:

«I dag byrja folkerøystinga om tilslutning til Russland i dei fire frigjorde regionane, folkerepublikkane Donetsk og Lugansk og Kherson og Zaporozje fylke. Røystinga vert avslutta tysdag. Sjølv flyktningar frå Donbass som i dag oppheld seg i Russland, er røysteføre, og det er oppretta stemmelokale for dei i fleire av regionane i landet.»

Eit utklipp frå president Putins mobiliseringstale onsdag 21. september kjem på skjermen:

«Vi kan ikkje, har ingen moralsk rett til å la slekt og venner bli rivne i bitar av bødlar. Vi vil støtte avgjersla som blir teken av fleirtalet av innbyggjarane i folkerepublikkane Donetsk og Lugansk og Kherson og Zaporozje fylke», sa Vladimir Putin.

Folkerøystingane

Programleiar Kiseljov:

«Kiev og Vesten har unisont erklært at dei ikkje kjem til å godkjenne resultata frå folkerøystingane. Men for folket i Donbass, Kherson og Zaporozje fylke er det langt viktigare at resultata blir godkjende av Russland.»

Resultata frå ei meiningsmåling, utført av det statlege gallupinstituttet Vtsiom og det private instituttet Insomar, og prognosane for valdeltakinga i dei fire regionane rullar over skjermen. Søylediagram viser høg valdeltaking – mellom 69 og 91 prosent. Prognosane for tilslutning til Russland er endå høgare – mellom 83 og 97 prosent i dei fire regionane.

Kiseljov samanfattar:

«Desse ferske tala er eit faktum. Ein kan no med rette seie at folkerøystingane er ein realitet. Vi har korrespondentane Aleksander Belibov og Nikolaj Dolgatsjov i felten for å rapportere om gangen i folkerøystingane.»

Vi ser ei kvinne i militæruniform og skotsikker vest ta på seg hjelmen og plukke med seg eit automatvåpen og ei valurne på veg ut ei dør. Dette er Maria som gjer seg klar til fronten. Ho er medlem i valkommisjonen og reiser ut til frontlinene for at «alle som vernar om Donbass», skal få høve til å røyste. Innslaget følgjer henne inn i ein bil med soldatar som kommenterer:

«Vi må køyre fort, for her er det ofte dronar som leitar etter mål som oss.»

Forteljarrøysta nemner at resten av turen må gjerast til fots og vi høyrer lyden av skot som vert fyrte av i nærleiken.

«Det er ikkje roleg ved fronten no, men alle røyster tel som aldri før.»

Etter kvart går forteljarrøysta over til å kommentere bilete frå dei okkuperte områda i Donbass, med raserte gater, kulehol i veggene og sprengde butikkvindauge:

«I løpet av den første dagen av folkerøystinga kom fredelege byar i Donbass under åtak frå dei ukrainske styrkane. Kiev-regimet bombar gatene i Donetsk, Makejevka og Gorlovka for å skremme innbyggjarane i republikken. Regimet skjønar tilsynelatande ikkje det viktigaste: Snart vil det måtte svare for alle brotsverka sine. Men trass i konstant skyting møter innbyggjarane opp til valpunkta for å avgjere framtida si.»

Ei eldre kvinne som akkurat har røysta, seier: «Vi har venta lenge på denne augneblinken. Vi er viljuge til å springe mellom skota for å kome hit og røyste.»

Ei anna kvinne fortel: «Det er ein gledesdag. Eg kjenner glede i sjela. Måtte berre alt bli bra att fort. Kanskje ting alt vil bli betre etter folkerøystinga – altså rolegare.»

Ein mann på gata fortel: «Vi har lagt håpet vårt i Russland. Sjela og sinnet vårt er der.»

Trugsmål frå Vesten

Programleiar Kiseljov fortel at neste innslag skal dreie seg om den delvise mobiliseringa og den TV-sende talen president Putin heldt til russarane onsdag kveld.

Eit utklipp av talen blir vist i sendinga.

President Putin: «Vesten har gått for langt i sin aggressive antirussiske politikk, med endelause trugsmål mot landet og folket vårt. Enkelte uansvarlege vestlege politikarar gjer meir enn berre å snakke om planane sine om å organisere levering av langtrekkande offensive våpen til Ukraina – våpen som kan brukast mot mål på Krim og i andre russiske regionar. (…) Dei har til og med gripe til kjernefysisk utpressing (...) og høvet til å bruke masseøydeleggingsvåpen – atomvåpen – mot Russland.»

Kiseljov bryt inn: «For dei i Vesten som enno ikkje har lytta, gav Putin ei tydeleg åtvaring.»

Talen frå president Putin held fram: «Skulle det kome eit trugsmål mot den territoriale integriteten til landet vårt, og for å forsvare Russland og folket vårt, vil vi sanneleg ta i bruk alle våpensystema vi har tilgang til. Dette er ingen bløff.»

Kiseljov leier sendinga over til korrespondent Dmitrij Petrov som har intervjua menn som ønskjer å bli rekrutterte til krigen.

Ein middelaldrande mann frå Kaliningrad fylke seier: «I Sovjetunionen blei vi lærte opp på skulen [i militær skytetrening, red. merk.], og vi blei godt opplærte. Den kunnskapen gløymer vi ikkje. Dersom moderlandet kallar meg til slagmarka, står maskingeværet klart.»

Ein ung gut frå Belgorod fylke fortel: «Mamma ringde og sa at eg hadde fått mobiliseringsordre. Eg møtte opp. Det er mi plikt å forsvare moderlandet.»

Ein ung mann frå Magadan fylke fortel i ein buss på veg til militærøving: «Vi blei mobiliserte, vi er klare. Ta det med ro, vi kjem til å verne dykk.»

Forteljarrøysta bryt inn: «Desse offiserane, sersjantane og reservistane responderte straks ved første innkallingsordre. Dei er der ekte menn må vere i denne vanskelege stunda.»

Eit intervju med forsvarsminister Sergej Sjojgu blir klipt inn sendinga. Han gjentek at mennene som blir mobiliserte til frontlinene, i første omgang berre vil vere offiserar, sersjantar og reservistar.

Ein mann frå Krasnojarsk fylke med bokstaven Z på kapsen og genseren seier til korrespondenten: «Dette er landet mitt, fødestaden min. I 1996 blei eg kalla inn til militærteneste, og då bandittar og terroristar, slik som no, ville erobre innbyggjarane våre, leie oss inn i slaveri og tvinge oss inn i levesettet deira, stoppa vi dei.»

Lavrov

Kiseljov introduserer neste innslag, som dreier seg om utanriksminister Lavrovs forsvar for folkerøystingane i dei fire regionane, retten til sjølvråderett og kamp mot fascismen og medløparane i FN.

På plass i New York fortel New York-korrespondent Valentin Bogdanov at pressekonferansane til Lavrov var ein av dei mest populære i FN. Møtelokala blei raskt fylte opp, og «det var store folkemengder utanfor møtelokala av dei som ikkje ønskjer å leve i ein unipolar verdsorden, og som ville handhelse på Lavrov».

Det blir klipt over til ein av Lavrovs talar: «Vesten fekk eit raserianfall på grunn av folkerøystingane. Men menneska som bur i desse regionane, reagerer jo berre på det leiaren for Kiev-regimet, Zelenskij, rådde dei til å gjere i eit intervju i fjor, nemleg at alle som identifiserer seg som russarar, må tenkje over kva som vil vere det beste for borna og barneborna deira, og reise til Russland. Det er jo det innbyggjarane av desse regionane gjer når dei pakkar med seg jorda dei bur på.»

New York-korrespondenten snakkar over bilete av John Kerry på veg inn i FN-bygningen: «I denne nye geopolitiske røynda er det einsamt for den utfrosne, tidlegare hegemonen John Kerry, Joe Bidens spesialutsending for klima, som kjenner at det blæs ein ny vind.»

Bilete av Joe Biden som kjem inn i FN-bygningen blir kommentert slik av korrespondenten: «Av dei titals spørsmåla som blei ropte ut mot president Biden av pressekorpset på veg inn i bygningen, dreidde berre ein liten brøkdel seg om utanrikspolitikk. På heimebane går det dårleg i USA. Talen som leiaren i Det kvite huset heldt for generalforsamlinga, var den siste før det føreståande kongressvalet. Difor nytta Biden høvet til å uttale seg om sine favorittemne, teikne overdrivne skrekkbilete, skremme veljarane, vinne røyster.»

Bilete frå amerikanske nyhendesendingar rullar over skjermen med kart over Ukraina. Korrespondenten fortel: «Også amerikanske nyhendemedium fanga opp atomspørsmålet og vigde gledeleg store delar av sendingane til det. Men kva anna var det for dei å fange opp? Korleis kan det forklarast for USA, ein tidlegare koloni, at folkerøystingar om sjølvråderett er eit vonde? Det er ei oppgåve som sjølv dei tåpelege amerikanske [TV-]propagandistane har vanskar med.»

Innslaget frå Bidens vitjing i FNs generalforsamling blir avslutta med ei vurdering av den mentale tilstanden hans: «Om morgonen er han vanlegvis fast i forma, men når det går mot kveld, blir han stadig oftare slapp i fisken. Under ein tale på ein konferanse om kamp mot hiv/aids i New York, trong han nesten eit halvt minutt på å kome seg ut av forvirringa og visste ikkje korleis han skulle kome seg ned frå talarstolen. Eitt steg fram og to steg tilbake, den eine augneblinken verka det til og med som om Biden var klar til å hoppe av scena og såg etter nokon som kunne ta imot han. Hjelpa kom frå salen, som viste han vegen av scena. Risikofylte manøvrar på avgrunnens kant.»

Russlands vener

Før innslaget om FN-veka blir runda av, vier redaksjonen delar av innslaget til «dei landa som er blitt immune mot USAs innfall og påverknadsforsøk». Bilete av leiarane for Brics-landa (Brasil, India, Kina Sør-Afrika og Russland) i FN-veka blir viste over skjermen idet korrespondenten fortel at dette er leiarane for Russlands «liste over venlegsinna land». «Dei snakkar same språk.»

Bilete frå møtet Lavrov hadde med delegasjonar frå Brasil, Indonesia, Venezuela, Sveits, Syria, Ungarn og «ei rekkje andre ulike land frå fleire kontinent», blir viste. Alle representantane handhelsar på Lavrov.

Korrespondenten held fram: «Trass i USAs forsøk på å implementere den berykta Monroe-doktrinen [ein utanrikspolitisk doktrine, formulert av president James Monroe i 1823, som gjekk ut på å verne latinamerikanske land mot europeisk imperialisme, red. merk.] over heile verda, har dei enda med å rulle han tilbake.»

Rapportar frå fronten

Frå reportasjen i New York er vi tilbake i Moskva i studioet saman med Kiseljov. Det skal no dreie seg om innsatsen til dei russiske styrkane ved frontlina, der korrespondent Jevgenij Poddubnij er på plass.

«Under folkerøystingane har fienden sett inn forsterkingar og sett i gang eit artilleriåtak frå fire nøkkelretningar. Og på tampen av folkerøystingane intensiverte Kiev-regimet artilleriåtak mot bustadområde i Donbass og delar av Novorossija. Samtidig sette fienden inn fleire kampstyrkar til frontlinene for å vinne nye område og stoppe folkerøystingane.»

Eit kart over frontlina ved Liman følgt av russiske stridsvogner på marka rullar over skjermen. Ei forteljarrøyst forklarer at dei russiske styrkane har lukkast med å halde forsvarslina: «Det er harde kampar også ved Dubka, der Kiev-regimet har eit mål om å kringsetje dei russiske styrkane som oppheld seg i Liman, og ta seg inn i kjernen av folkerepublikken Lugansk. Men dei russiske styrkane har slått tilbake, held lina og manøvrerer artilleriet i rett stilling. Som eit resultat lid Kiev-regimet eit monaleg tap.»

Terrorist i Russland

Kiseljov er tilbake på skjermen og introduserer eit nytt innslag om korleis den russiske tryggingstenesta FSB hevdar å ha stoppa ein terroraksjon på russisk territorium, organisert av det dei hevdar er den ukrainske spesialstyrken som hadde planlagt å sprengje ein gassrørleidning i Russland som forsyner Tyrkia og Europa med varme. Onsdag 21. september blei ein russisk statsborgar, verva av den ukrainske tryggingstenesta, pågripen i Volgograd fylke, fortel Kiseljov.

Dronebilete av pågripinga blir viste på skjermen. Ein mann i kamuflasje vandrar i eit skoglandskap før han ein liten augneblink seinare grev fram eit skjult holrom i bakken. Med eitt spring ei gruppe menn med hjelm, skotsikker vest og tungt skyts fram og pågrip mannen, som straks overgjev seg.

Ei forteljarrøyst kommenterer: «Det første avhøyret av terroristen blir gjort på staden. Sabotøren forstår at det er fånyttes å finne på ei dekkhistorie; prova er for sterke.»

Eit bilete av utstyret som blei funne på staden, blir klipt inn: to rullar med teip, gummihanskar, ein kontanttelefon, leidningar og «plastisk sprengstoff av merket PE-8 som, forresten, blir produsert i Storbritannia».

Forteljarrøysta held fram: «Landsmannen er fødd i 1972, ein overtydd radikalar. Han blei tidleg overvakt av den russiske tryggingstenesta, og difor var han dømd til å mislukkast. Han hadde eit sterkt ønske om å påføre landet sitt størst mogleg skade, difor drog han til Ukraina.»

Avslutning

Etter litt over to og ein halv time avsluttar Kiseljov sendinga: «Det var alt vi rakk for i dag. Ha det godt og på gjensyn neste søndag.»

Omsett av Daniella Slabinski

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis