Rusbehandlingspolitikk, takk!I desember var det fleirtal i Stortinget for at rusmisbrukarar skal få behandling, ikkje fengselsstraff.
I desember var det fleirtal i Stortinget for at rusmisbrukarar skal få behandling, ikkje fengselsstraff.
Stortinget vil avkriminalisere, men ikkje legalisere narkotika.
Foto: Jon Eeg / NTB scanpix
Eg er dårleg i magen. Det er vintersesong i India, men framleis for varmt. Dei andre i reisefølgjet har reist for å bade, eg sit att på kafeen på gjestehuset i tempelbyen Hampi og drikk te.
– God morgon!, seier ein israelsk backpacker på bordet ved sida av. Han reiser seg og legg eit samanbretta kart på bordet mitt.
– Sidan du er dårleg, skal du få ei overrasking, seier han, smiler lurt og går.
Eg skjønar ikkje så mykje før eg brettar ut kartet. Tre ørsmå brune klumpar som luktar sterkt, litt grasaktig og søtleg, ligg i eit kvitt A4-ark inni kartet. Eg har fått hasj.
Det første eg gjer er å klaske papiret og kartet i hop att. Eg røykjer ikkje hasj. Eg har faktisk aldri røykt ein sigarett i heile mitt liv.
Kva er det med denne vesle klumpen som er så freistande, tenkjer eg. Og kva i alle dagar skal eg gjere med han? Eg ser ned på papiret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.