Politikk

Stortinget har vedtatt ei rekke endringar i ruspolitikken. – Ingenting tilseier at vi får færre kasteballar, seier Nicolay B. Johansen, som sat i Skyggeutvalget.

Rusavhengige får meir fred

I april 2021 sette Unge Venstre opp 260 kors utanfor Stortinget for å krevje fortgang i behandlinga av rusreforma, som det no har vore dragkamp om i to regjeringsperiodar.
Publisert Sist oppdatert

I 2018 la Solberg-regjeringa fram eit forslag om ei større reform på rusfeltet. Forslaget blei nedstemt i Stortinget i 2021. Arbeidarpartiet lova å lage eit betre forslag, utan avkriminalisering, viss dei vann valet. Etter langdryge forhandlingar om rusbruk og politifullmakt er Ap, Venstre, Høgre og SV no samde om ei reform. Blant anna skal politiet ikkje få ta narkotika frå rusavhengige, og vaksne som blir tatt med nokre få gram, vil ikkje få det på rullebladet. Dei under 18 år skal bli viste til ein rådgivande instans, og behandlingstilboda skal bli betre. Mens Raudt ønsker ytterlegare avkriminalisering, ønsker Frp og Sp eit strengare strafferegime.

– Du leidde Skyggeutvalget. Kva innebar det?

– Vi var eit brukarinitiert utval som ville halde det offisielle utvalet i øyra. Vi ville tvinge politikarane til å sjå det store bildet, der det handlar om mykje meir enn avkriminalisering. Det handlar om korleis rusbrukarane blir behandla i velferdssektoren. For oss var skadereduksjonstenkinga viktigare enn straff og kontroll.

– Klarte de å halde dei i øyra?

– Eg vil ikkje seie det. Vi leverte rapporten vår 31. desember 2020. Vi gjorde jobben vår. Men vi blei spelte ut over sidelinja på grunn av utviklinga på det politiske feltet.

– Kva var det som skar seg? Kvifor har det tatt fem år?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement