RulerEg gjorde som mange andre som kjem til side 156 i Homo Deus: A Brief History of Tomorrow. Eg søkte opp den aller siste talen til

Publisert

Eg gjorde som mange andre som kjem til side 156 i Homo Deus: A Brief History of Tomorrow. Eg søkte opp den aller siste talen til Nicolae Ceausescu på YouTube. Sterke scener.

Medan den rumenske presidenten talte til folket sitt 21. desember 1989, var eg i Praha, i nabolandet Tsjekkoslovakia, der kommunismen kvarv til ålmenn jubel og applaus frå glade menneske i gatene. Såleis fekk eg ikkje med meg bileta frå det rumenske statsfjernsynet denne dagen, augneblinken då eit land glapp or handa til tyrannen som hadde rådd der i 40 år. Andletet til mannen på balkongen fortel heile soga på nokre sekund.

Då det tok til å rakna elles i Aust-Europa, hadde Ceausescu kalla massane saman til ein direkte TV-overført maktdemonstrasjon, for retteleg å visa all verda at her skulle ikkje noko endrast. Og det byrja lovande, folk møtte fram i tusental. På balkongen vinka diktatoren stivt, flankert av frua som hadde 3000 skopar. Talen hans var nett like knirkande keisam som han bruka, og applausen like halvhjarta. Til så lenge.

Kva brast så høgt? Om lag halvtanna minutt inn i videosnutten går det opp for landsfaderen – truleg før nokon andre – at spelet er over. At han er åleine, og at menneska på brusteinen under han er mange, og skremmande. Dei lystrar ikkje ror. Fyrst buar ein, så fleire, snart alle. Tyrannen får panikk. Han veit kva som ventar.

Forfattaren av boka eg les, egyptaren Yuval Noah Harari, fortel elles kor makta som Ceausescu og andre tyrannar misser, blir av. Ho når aldri fram til folket, for folket er aldri budd på å ta imot, er meldinga til oss gamle revolusjonsromantikarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement