Sideblikk
Røystesetlar bestemmer ikkje alt
Det er langt frå presidentval i USA til den norske modellen, men me kjem ikkje unna konsekvensane.
Ein veljar ser over røystesetelen før han førehandsrøystar i Wisconsin.
Foto: John Hart / AP / NTB
Me var samla til valvake: Spaltisten, Hjelpeskrivarane og ein slektning på Skype frå California – med djup innsikt i valordning og meiningsmålingar. Tonen var spent, men lett og håpefull. Me mora oss med forvitnelege Trump-snuttar på YouTube og minte kvarandre på dei vanvituge utspela hans.
Me såg fram til at amerikanske veljarar skulle retta opp att feila frå 2016, slik at USA igjen kunne stå fram som eit relativt normalt og føreseieleg imperium. Dei støyande stormtroppane og Trumps oppskrudde optimisme tok me som prov på at dei var solid planta i ein alternativ røyndom.
VERTINNA GRØSSAR av det Trump gjer og seier, men det er morskap i galskapen; han gir oss noko å vera sjokkerte over og snakka om. Vertinna meiner også han har businessinstinkt, så av og til har han gode poeng og seier dei rett fram.
Ho vil heller snakka om Thorbjørn Jaglands memoarar frå eit politisk liv. Ho har godhug for den enkle og reinhårige arbeidarguten frå Lier, ein vakker, sympatisk og blyg mann som var god på samråd, ville vera visjonær, slo om seg med svevande og heilskrudde metaforar og kunne gjera uortodokse og brå kast, for over ham sprang en stjerne. Han høyrde til dei unge slekter og var ein fridomens forpost her nord. Han var nytenkande og modig på veg mot ukjent mål, medan motkreftene og familiedynastia i Partiet gjekk bak ryggen på han.
JAGLAND HADDE IKKJE eit heldig grep om personalpolitikken då han eigde han sjølv. Han forviste Martin Kolberg, den trufaste væpnaren frå hjembygdens lier, frå Statsministerens kontor til ein politisk hjelpeskrivarpost i Forsvarsdepartementet. I staden henta han inn den stor-
slegne Terje Rød-Larsen som tenketank og husbyggar. Jagland undrar seg over at Rød-Larsen, med direkte tilgang til verdas statsleiarar og Jeffrey Epstein, som han også introduserte Jagland for, er blitt så lite sett pris på i heimlandet. Gjennom åra i Strasbourg hyste han liknande tankar om seg sjølv.
«Den som trur at fortida ikkje kan endrast, har ikkje skrive memoarar.» Med dei orda sa Vertinna god natt og godt val og gjekk og la seg med Thorbjørn som lektyre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.