Romansen er over
Donald Trump slutta å elske WikiLeaks så snart han vart president.
Det verkar paradoksalt at Julian Assange skulle hjelpe ein republikansk kandidat til å bli president i USA. Da det storma kring WikiLeaks i 2010 og 2011, kom republikanske politikarar med mange av dei krassaste utfalla. Mellom anna sa Mike Huckabee at Assange burde avrettast, og Sarah Palin meinte WikiLeaks burde handsamast som ein terroristorganisasjon.
Men før presidentvalet 2016 skal Assange ha rekna ein Trump-siger som det minste av to vonde. Og i byrjinga av oktober, nær slutten av valkampen, byrja WikiLeaks å publisere fleire tusen e-brev og dokument som russisk etterretning hadde stole frå Clinton-kampanjen og demokratane. Noko av innhaldet var pinleg for Clinton, og serien av e-postoppslag i media svekte truleg oppslutnaden om kandidaturet hennar. Donald Trump tok imot lekkasjane med stor entusiasme. I valkampen erklærte Trump ved fleire at han «elska WikiLeaks», og han skal ha vist til WikiLeaks meir enn hundre gonger, i følgje Associated Press.
Men snart endra Trump og folka hans tone overfor organisasjonen, kanskje fordi WikiLeaks i mars 2017 publiserte mengder av hemmeleg informasjon om metodane CIA brukar til dataspionasje. Den Trump-utnemnde CIA-sjefen Mike Pompeo (som no er utanriksminister) kalla WikiLeaks ein «fiendtleg etterretningsorganisasjon», og daverande justisminister Jeff Sessions byrja våren 2017 å arbeide med ein tiltale mot Assange.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.