Rojava
– Før 2014 var kvinner ingenting i samfunnet vårt. No kan vi alt. Vi har òg lært oss å bruke våpen.
Khidir Hamo Khwadida (i grått) overlevde den verste IS-massakren i august 2014. Han er ein av dei som framleis lever i flyktningleir i Nord-Syria.
Foto: Sara Baban
Denne meldinga får eg frå elleve jezidikvinner på eit kvinnesenter i Shengal. Dei overlevde den verste IS-massakren. Shengal er landsdelen til jezidiane i Irak, nokre mil aust for byen Mosul. Enkelte medium bruker helst det arabiske namnet Sinjar.
IS-massakren på jezidiane i august 2014 fekk plass i media i nokre veker. Vi har reist hit for å sjå litt av kvardagen til dei som overlevde. Eg vil òg høyre jezidiane sin versjon av det dramatiske døgnet da IS starta massedrapa. Finst det faktum som ikkje har nådd ut til omverda?
Religionen
Jezidiane er kurdarar. Jezidismen har fleire tusen år gamle røter. Religionen vaks fram i områda som i dag er staten Iran. I dei kurdiske landsdelane i Irak og Syria har eg møtt mange som seier at alle kurdarane var jezidiar fram til islamiseringa starta på 600-talet.
Andre meiner at jezidismen skriv seg frå ei splitting innanfor islam på 1100-talet. Eg veit ikkje kva som er rett. Men to ting er sikkert: Mange religionar har utvikla seg side om side i Midtausten og påverka kvarandre. Og menn i jezidisamfunnet har brukt religionen for å sikre eiga makt og undertrykke kvinnene. Kanskje ikkje heilt ulikt andre menn med annan religion?
Like sikkert er det at IS kunngjorde sitt syn på jezidiane i god tid før åtaket i Shengal. I nettidsskriftet Dabit skreiv dei at muslimane på dommedag må svare for korfor dei ikkje utrydda jezidiane tidlegare (Aftenposten 15. oktober 2014).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.