Slik er livet her – og døden
– Tyrkiske soldatar skaut Azzo for nokre timar sidan. Han fekk tre kuler i den høgre armen og ei i venstre. Men han var heldig, og vart ikkje alvorleg skadd.
YPG-soldaten Delil fortalde at tyrkiske soldatar skaut Azzo – ein av dei andre soldatane – nokre timar før vi kom.
Foto: Sara Baban
Rojava
Rojava betyr Vest-Kurdistan og er området med kurdisk fleirtal nord i Syria.
Den demokratiske føderasjonen Nord-Syria utgjer det meste av landet nord og aust for Eufrat.
YPG (Folkets forsvarsstyrkar) er ein kurdisk milits som forsvarer Rojava og som sidan 2014 har kjempa mot IS.
Den frie syriske hæren (FSA) vart oppretta i 2011 av desertørar frå regjeringshæren. FSA er i dag tett alliert med Tyrkia. Mange IS-avhopparar er no med i FSA.
IS – Islamsk Stat – kjempar for å opprette ein islamsk stat i Midtausten. IS tok i 2014 kontroll over mykje av Syria og Irak, men mista nesten alle områda att i 2017. IS har styrka seg att den siste tida.

Nord-Syria
erfolk@online.no
Soldaten som fortel dette, heiter Delil. Vi er på besøk ved ein vaktpost i Nord-Syria, tett innpå grensa mot Tyrkia. Soldatane tilhøyrer Folkets forsvarsstyrkar (YPG). Dette er Rojava, der dei fleste er kurdarar. Men dei fortel at både mange frå minoritetane i Rojava og mange arabarar har slutta seg til YPG i løpet av det siste året.
«Vi» er Sara, Johan Petter og eg. Johan Petter er pensjonist med nokre tiår bak seg som industrimålar i Nordsjøen. Han er aktiv i solidaritetsarbeid, og vil sjølv sjå det som går føre seg Nord-Syria. Sara er kurdar. Ho har tatt på seg å vere tolk og allsidig hjelpar. Foreldra, Sara og søskena flykta frå Saddam-regimet i Irak i 1986, først til Iran og vidare til Pakistan. Etter åtte år i flyktningleirar kom Sara til Noreg som 15-åring.
– Heile livet stod på vent, seier ho om åra ho var på flukt. Da vi for nokre dagar sidan sto i kø framfor passkontrollen på flyplassen i Hewler (Erbil på arabisk) i det kurdiske Nord-Irak, var det 32 år sidan sist ho høyrde at alle rundt henne snakka morsmålet hennar.
Sara er scenekunstnar av yrke, og har følgt med på revolusjonen i Nord-Syria frå Noreg. Ho vil finne ut kor stor rolle kvinnene har hatt og har, før revolusjonen og i dag. Det viktigaste slagordet i Rojava er: «Viss ikkje kvinnene er frie, er det ingen som er frie.» Vona hennar er å få sjå at patriarkatet faktisk blir knust.
Over grensa
Kryssinga av grenseelva Tigris mellom Irak og Syria var ikkje problemfri. Vi fekk ei oppfordring frå kurdiske Raude Halvmåne før vi reiste frå Hewler: Kjøp medisin til ungane her. Da vi trudde vi var gjennom grensekontrollen, og skulle gå om bord i ferja, dukka det opp enda ein kontrollør. Med skarp kniv spretta han opp medisinkartongane og gav Sara beskjed:
– Utan skriftleg godkjenning frå Asayish (tryggingstenesta) kan du ikkje ta med desse medisinane over grensa til Syria.
Eg trudde reisa vår alt var over, men ein tenestemann i tryggingstenesta berga oss. På ein gul papirlapp skreiv han ein instruks den unge formalisten: «Du skal la dei tre ta med seg medisinane over grensa!»
Vi kan takke han for at vi no er i Den demokratiske føderasjonen Nord-Syria, der president Assad korkje har makt eller kontroll. Etter frigjeringa frå IS omfattar denne føderasjonen det meste av Syria nord og aust for Eufrat. Dette er ein kulturell, språkleg og religiøs mosaikk: arabarar, armenarar, assyrarar, jezidiar, kurdarar, tsjerkessarar, turkmenarar og fleire andre. På grunn av flyktningstraumane kan ingen seie kor mange millionar som bur her i dag.
Fabrikkarbeidaren
Rett før vi kom til vaktposten køyrde vi forbi ein liten byggevarefabrikk i Tal Halaf. Det dei lagar, liknar på leca-blokker. Mange arbeider utandørs. Avstanden til grensa er kort nok for ein dyktig skyttar. Ein tyrkisk soldat drap ein av arbeidarane tidlegare i denne veka.
Delil peikar mot eit blått hus.
– Der vart ein YPG-soldat såra i går. Og tyrkiske soldatar skaut to gutar som leika med ball like bortafor dette huset. Dei vart skadde, men overlevde.
Tyrkarane skyt frå vakttårna på andre sida av muren, fortel Delil. Tyrkia har dei siste to åra bygd over 700 kilometer mur på syrisk territorium. Avstanden frå grensa varierer. Frå eit par meter og opp til nokre titals. Om vi tar folkeretten på alvor, er kvar einaste meter mur ei ulovleg handling. President Erdogan seier muren er nødvendig for å verne Tyrkia mot kurdiske terroristar.
Slik er livet her – og døden. Eg spør Delil korleis soldatane i vakttårna reagerer når YPG skyt tilbake. Sjølvforsvar i slike høve vil vere i samsvar med folkeretten.
– Vi skyt ikkje tilbake, svarar Delil.
– Vi kan ikkje skyte mot dei som skadar og drep folk rundt oss, utan at vi får instruks om det. Og slike instruksar får vi ikkje. Dei siste åra har kurdiske styrkar i nokre få tilfelle likevel skote tilbake.
Tyrkiske skot over grensa er ikkje noko nytt. Det skjer ikkje kvar dag, men det skjer kvar veke, ein eller fleire stader langs grensa. Det ser ut til at tyrkarane skyt mot tilfeldige offer, slik som Azzo ved denne vaktposten og dei to ungane ved det blå huset. Av og til verkar det som om dei skyt for å skremme, da treffer kulene nokre meter frå bonden på åkeren eller ungane som leikar.
Vi får lov til å fotografere, men Delil ber oss om å ikkje offentleggjere bilete der andleta til soldatane er synlege. Kven som helst kan bruke eit avisbilete. Tyrkiske grensesoldatar er treffsikre og har gode kikkertar.
Gardbrukarfamilien
På eit jorde rett utanfor den meir kjende byen Kobanê besøker vi ein gardbrukarfamilie. Kobanê ligg tett inntil grensa. Eit smalt område mellom husa og muren er åker og beitemark.
I oktober 2014 var eg her, men på den tyrkiske sida av grensa. Da beita ein saueflokk på jordet mellom grensa og byen. Samtidig rykte tungt væpna IS-styrkar fram mot sentrum. Eg trudde at dei som forsvarte Kobanê, kom til å tape. Heldigvis tok eg feil. IS leid det første nederlaget sitt her, og IS-kalifen mista minst 3000 av dei heilage krigarane.
Åkerlandet til denne familien rekk heilt fram til muren.
– Dei tok 16 meter av åkeren og hogg ned trea våre, seier bonden.
– No har vi planta nye tre.
Han peiker mot enden av åkeren.
Om lag 100 meter unna ser vi at muren har ein brå knekk og svingar 90 grader mot høgre. Etter 10–15 meter er det ein like brå sving mot venstre. Og så held muren fram i same retning som før. Framleis på syrisk jord, men litt nærare grensa.
– Tyrkia starta murbygginga om natta, fortel bonden.
– Hadde ikkje så mange protestert dagen etter og i dei neste dagane, så hadde dei nok fortsett rett fram. Da hadde Tyrkia tatt enda meir av åkeren vår.
Han fortel at mange hundre menneske, kanskje fleire enn tusen, sette seg ned og stansa anleggsmaskinane. Ingen hadde våpen, men somme kasta stein. Tyrkiske soldatar brukte først vasskanonar, så skaut dei med skarpt, slik israelske soldatar mange gonger har skote mot sivile palestinarar. Soldatane drap to ungdomar den dagen. Mange vart skada. Men demonstrasjonane heldt fram, heilt til Tyrkia bøygde av aldri så lite.
Både gardbrukaren og andre eg snakkar med i byen, seier at Tyrkia er ein mektigare og farlegare fiende enn IS.
Gardbrukarfamilien lever farleg. Avstanden til det nærmaste vakttårnet er snautt hundre meter. Vi ser at soldatane der følgjer med heile tida. Hittil har dei ikkje skote på korkje ungar eller vaksne i denne familien.
Sjukehuset
Den skadde YPG-soldaten Aazo får behandling på sjukehuset i Serê Kaniyê. Dette sjukehuset var heilt øydelagt da eg var her for fem år sidan. Da hadde Den frie syriske hæren (FSA), som er alliert med tyrkarane, rykt over grensa frå Tyrkia for å erobre byen. Fleire jihadistgrupper i Syria kjempa òg saman med FSA, men åtaket vart slege tilbake. Mens kampane rasa, hadde ei av dei væpna gruppene okkupert og øydelagt sjukehuset. Dei stal med seg alt laust inventar over grensa. Ingen fann ut kven dei var, men krigarane trekte seg tilbake til Tyrkia.
No er sjukehuset sett i stand igjen. Dei manglar maskinar og utstyr. Men litt har dei: To kuvøsar og to operasjonsstuer bergar liv. Legane som viser oss rundt, er dei same som arbeidde her før øydelegginga i 2013.
Erling Folkvord
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tyrkiske skot over grensa er ikkje noko nytt. Det skjer ikkje kvar dag, men det skjer kvar veke.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.