Robust reform som fødde ei mus

Nå kan moderniseringsminister Sanner venda tilbake til sitt primære kommuneprosjekt.

At Eid og Selje kommunar blir ein, blei feira 27. januar i år med kake hos kommunalminister Jan Tore Sanner. Ordførarane Alfred Bjørlo t.h frå Eid og Stein Robert Osdal frå Selje var òg med på festen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
At Eid og Selje kommunar blir ein, blei feira 27. januar i år med kake hos kommunalminister Jan Tore Sanner. Ordførarane Alfred Bjørlo t.h frå Eid og Stein Robert Osdal frå Selje var òg med på festen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Publisert

Mannjamninga er i gang: Er kommunereform frå 428 til 358 suksess eller fiasko? Etter vyane om «større og mer robuste kommuner» som moderniseringsminister Sanner sa på innpust og utpust, og som statsminister Solberg supplerte med noko om barnevernet, er det mykje skrik og lite ull. Så kom Vabo-utvalet med bestillingsverket «Kriterier for en god kommunestruktur». Der var det handfaste tal for «funksjonelle samfunnsut-viklingsområder»: 100 kommunar med eit minste innbyggartal på 15.000–20.000. På regjeringshald blei det sett som eit godt grunnlag for ein faktabasert prosess. I lys av slike ekspertråd har berget fødd ei mus.

På den andre sida er det brukbart politisk handverk når politikk er det mogleges kunst i vårt ulaglege land. For som Jens Stoltenberg sa då han blei generalsekretær i NATO: «Nå er det på tide å reise til Brussel og drive med lettere ting enn kommunereform».

Det er rimelegvis større merksemd om dei 13 uviljuge enn dei 100 friviljuge. Det blir protestert frå Loppa til Lindesnes, og det går begge vegar: I Loppa var innbyggarane og ordføraren mot, men så snudde ordførar Halvorsen (H) og håpa på tvangssamanslåing med Alta; i Lindesnes vil dei ikkje vera ein del av Mandal, sjølv om dei får kommunenamnet.

Haram hamna inneklemd mellom samanslåingsviljuge nabokommunar og blir tvangs-innlemma i Stor-Ålesund frå Sandøy til Ørskog. Frå hovudstaden Brattvåg rasar ordførar Krogsæter (Sp) over det som har skjedd på bakroma i Stortinget – med påtrykk frå regjeringspartia sine folk i Haram. Slikt er haram. Men han er i villreie: Skal han legga breisida til og gjera det beste ut av det, eller håpa på omkamp?

Haram-ordføraren lurer elles på korfor Giske og Sula, rett over sundet frå Ålesund, har sloppe unna. Er det fordi Framstegspartiet er størst i Sula? Ein annan teori kan vera at ingen vågar å gje seg i kast med den sulamitten ein gong til. Då Borgund blei slått saman med Ålesund i 1968, følgde Langevåg og Ytre Suløen med på lasset. Men sulalendingane ville ikkje vera ein utkant i Ålesund. Dei kjempa iherdig for å bli eigen kommune, og i 1976 gjekk Stortinget med på det.

Vertinna minnest Grundtvigsalmen «Tvang til tro er dårers tale». Men ho meiner det er til pass for Leikanger og systrendingane at dei blir slått saman med Sogndal og Bale-strand, at det skjer med tvang, og at dei ikkje får kommunesenteret. Systrond er tre kilometer langs Sognefjorden mellom Hanahaug og Hermansverk i Leikanger, som er Norges mest einsidige administrasjonskommune og har det høgaste huset mellom Bergen og Trondheim. Der held Fylkeskommunen og Fylkesmannen til, og er det noko dei karane der forstår seg på, så er det kontorstyre og tvang over folk flest. Det er uklart kva det nye Vestlandsfylket skal stella med, men det skal i alle høve gjerast frå Bergen. Fylkesmannen blir sitjande i sin avkrok i Nordre Bergenhus, men kan bli nokså gjerandslaus. Slikt blir det mykje ufred og strid av, og Vertinna har lita tru på at det hjelper å flytta Fredskorpset til Førde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement