JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Robotkrigen

Tyrkiske dronar kan vere ein del av forklaringa på at den russiske offensiven stogga opp i Ukraina.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein tyrkisk Bayraktar TB2-drone blir vist fram på den ukrainske sjølvstendedagen 24. august i fjor. Fleire analytikarar hevdar at slike dronar spelar ei viktig rolle i kampen mot den russiske invasjonen.

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

6971
20220325
6971
20220325

Dronekrig

peranders@dagogtid.no

Da den russiske invasjonen av Ukraina tok til, var det få militære analytikarar som såg for seg at Ukraina hadde noko å stille opp med i lufta. Den teknisk overlegne russiske hæren var venta å ta full kontroll over luftrommet, med alle dei fordelar det gjev for dei framrykkjande bakkestyrkane. Men så langt ser det ukrainske luftforsvaret ut til å ha klart seg betre enn venta, og også ein god del av flyvåpenet skal framleis vere operativt frå flyplassar vest i landet.

For dei ukrainske kampflya har det likevel vore vanskeleg å gå til åtak på invasjonshæren. Russland har meir enn ti gonger så mange kampfly som Ukraina, og det russiske flyvåpenet er langt meir avansert. Dei ukrainske kampflya er MiG- og Sukhoi-modellar frå sovjettida, altså over 30 år gamle. I tillegg gjer russiske luftvernrakettar det svært farleg for ukrainske jagarfly å operere over mykje av landet. Men eit langt billegare våpen har synt seg effektivt for ukrainarane og har truleg forseinka den russiske framrykkinga mykje: dronar.

Bayraktar

Vi må ta nokre atterhald i denne artikkelen: Informasjonen som kjem ut av krigssonene i Ukraina, er usikker og ofte nær umogleg å verifisere, og i krig vil alle partar prøve å framstille seg sjølve som framgangsrike. Men ei rekkje artiklar i internasjonal presse tyder på at den ukrainske hæren har hatt stor nytte av fjernstyrte dronar i forsvarskampen sin. Og det ser ut til at dei tyrkiskproduserte Bayraktar TB2-dronane har vore særskilt viktige. Ifølgje det ukrainske forsvaret har dei mellom anna øydelagt russiske rakettbatteri, luftforsvar, artilleri, panservogner og andre typar militærkøyretøy.

Trege

Desse propelldrivne dronane, med eit vengjespenn på 12 meter, verkar eigentleg ikkje så avskrekkande: Dei er sakteflygande, med ein toppfart på 220 kilometer i timen, og har blitt samanlikna med fly frå første verdskrigen. Dei er òg svært sårbare for fiendtleg eld (også frå handvåpen) og elektronisk krigføring. Likevel har dei vist seg forbløffande farlege. Ein TB2-drone kan halde seg i lufta i over eit døgn, og kan styrast av ein operatør 300 kilometer borte. Dronane er stillegåande og gjev frå seg lite varme (dermed er dei vanskeleg å spore med varmesøkjande utstyr), dei kan flyge så lågt at dei er vanskelege å fange opp på radar, og kan frakte opptil 150 kilo med våpen. TB2 kan utrustast med opptil fire laserstyrte rakettar, som gjer dette til eit dødeleg presisjonsvåpen.

Usikker effekt

Ukraina fekk sine 12 første Bayraktar-dronar i mai 2019 og tok dei i bruk i krigen Donbas i fjor haust. Ifølgje det ukrainske flyvåpenet hadde landet kring 20 operative TB2 i januar i år. I tillegg hadde Ukraina tinga fleire i fjor haust, og etter krigsutbrotet skal Ukraina ha fått levert ein god del fleire slike dronar frå Tyrkia. Kor mange TB2 som er skotne ned av russarane, og kor mange som er i bruk no, er uvisst. Den russiske hæren hevdar å ha skote ned fleire Bayraktar-dronar, men har så langt berre dokumentert éi slik nedskyting i Ukraina.

Nøyaktig kor effektive dei tyrkiske dronane har vore, er òg vanskeleg å seie. Den ukrainske hæren har lagt ut ein del videoklipp på nettet som skal vise vellukka droneåtak på russiske konvoiar og stillingar. Ifølgje militærkommentator David Axe i Forbes Magazine skal kring 60 ukrainske droneåtak på russiske tanks, luftforsvarssystem, helikopter, lastebilar og forsyningstog vere verifiserte av utanlandske analytikarar. Han meiner det verkelege talet på vellukka åtak er mykje høgare, men at ukrainske styresmakter faktisk tonar ned omfanget av taktiske grunnar.

Dystert rulleblad

Sjølv om vi må ta alt dette med ei klype salt, er ikkje framstillinga til Axe usannsynleg om ein ser på andre krigserfaringar dei siste par åra. Bayraktar-dronar viste seg svært effektive da Tyrkia brukte dei mot syriske regjeringsstyrkar i 2020, og dei var med på å gje Aserbajdsjan overtaket i krigen mot Armenia same året. I den sistnemnde krigen skal Bayraktar-dronane ha øydelagt fleire hundre armenske stridsvogner, transportkøyretøy, artilleristillingar og andre militære mål. Og det er verdt å merke seg at både den syriske og den armenske hæren var rusta med luftforsvar og panserkøyretøy produserte i Russland.

Dronane har ein annan viktig fordel for eit land som Ukraina, med ein hardt pressa økonomi: Dei er langt billegare enn kampfly. Ukraina skal ha betalt mellom 10 og 20 millionar kroner stykket for Bayraktar-dronane sine. Og om ein drone blir skoten ned, går ikkje livet til ein pilot tapt. Operatøren kan gå på jobb att neste dag og styre ein annan drone.

Enkle variantar

Ukrainarane nyttar seg ikkje berre av dei tyrkiske Bayraktar-dronane i krigen. Dei brukar òg mindre og enklare R18-dronar som har ei rekkjevidd på berre fire kilometer og fraktar bomber på opptil fem kilo, og dei enda mindre ukrainske dronane PD-1, skriv britiske The Times. Ifølgje avisa blir den ukrainske dronekrigen ført av ei eiga eining i hæren ved namn Aerorozvidka. Denne gruppa skal ha øydelagt ei lang rekkje «prioriterte mål», ifølgje avisa, mellom anna kommandovogner i russiske militærkonvoiar.

«Vi slår til om natta når russarane søv», seier Jaroslav Hontsjar, som skal vere leiar for Aerorozvidka. Han seier at dei russiske styrkane vanlegvis held seg i ro om natta, ofte i nærleiken av landsbyar der ukrainsk artilleri ikkje vil skyte på dei. Men da blir dei lette bytte for dronane, hevdar Gontsjar. Med varmesøkjande kamera kan droneoperatørane finne mål i mørkeret, og om natta er det òg nær umogleg for russiske styrkar å skyte ned dronane. Dei ukrainske droneoperatørane har tilgang til satellittetterretning frå Nato og skal òg ha hatt stor nytte av satellittsystemet Starlink til kommunikasjon med dronane, skriv The Times. Starlink-terminalar vart gjorde tilgjengelege for Ukraina av Tesla-grunnleggjaren Elon Musk kort tid etter at den russiske invasjonen byrja.

Dronar frå USA

Kor sentrale dronane faktisk er i krigen om Ukraina, får vi neppe vite før alt er over. Men mykje tyder på at dei har vore viktige i å bremse framrykkinga til russarane. Den mykje omtalte russiske kolonnen som lenge stod fast utanfor Kyiv, skal ha vore angripen av Bayraktar-dronar fleire gonger, ifølgje The New York Times, som skal ha fått dette stadfesta av Pentagon-kjelder. Den same kolonnen var verna mot ukrainske flyåtak av russisk luftvern, men ikkje mot dronar. «Det ukrainske flyvåpenet er i ferd med å bli eit droneflyvåpen», skreiv David Axe i Forbes Magazine på onsdag. Og snart kan dronevåpenet bli enda viktigare for ukrainarane i denne krigen. USA vil levere åtaksdronane Switchblade («springkniv») til Ukraina, såkalla kamikazedronar som eksploderer når dei råkar målet, og kan frakte langt meir sprengstoff enn TB2 kan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det ukrainske flyvåpenet er i ferd med
å bli eit droneflyvåpen.»

David Axe, militærkommentator

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis