Riggbransjen

Riggselskapa som borar på norsk sokkel, har fått inn kring 365 milliardar kroner i riggleige sidan 2001. Likevel betaler dei svært lite skatt i Noreg.

Arbeid på riggen Maersk Inspirer på Volve-feltet i Nordsjøen, 2008. Operatørar som Statoil leiger inn riggselskap som Maersk til å stå for boringa på norsk sokkel.
Arbeid på riggen Maersk Inspirer på Volve-feltet i Nordsjøen, 2008. Operatørar som Statoil leiger inn riggselskap som Maersk til å stå for boringa på norsk sokkel.
Publisert

Det er dyrt å drive oljeutvinning på kontinentalsokkelen, og sjølve boringa er det dyraste av alt. Nesten halvparten av investeringane på norsk sokkel går til boring, og den største utgiftsposten i boringa er leige av riggar og boreskip, skreiv historikar Espen Søbye i artikkelen «Borekostnadene på sokkelen: Knask eller knep?» på nettsidene til Statistisk Sentralbyrå i februar.

Dei såkalla operatørselskapa på norsk sokkel, med Statoil som det klart største, eig normalt ikkje riggane sine sjølve. Dei leiger inn boreriggar og boreskip frå internasjonale riggselskap. I artikkelen sin viser Søbye ved hjelp av investeringsstatistikken at oljeselskapa på sokkelen betalte 365 milliardar kroner i riggleige frå 2001 til 2016. Likevel betaler riggselskapa som står for boringa, svært lite i selskapsskatt til Noreg. «Eierne av flyttbare innretninger betaler lite eller ingen skatt til Norge da det normalt kun er driftsselskapene som er lokalisert her (riggene er normalt lokalisert i andre land med lav skatt)», skreiv Petter Osmundsen, professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger, i Samfunnsøkonomen i 2012.

Det finst ingen samla oversikt over innbetalt skatt frå riggbransjen sidan 2000. Men vi kan gje ein peikepinn: Eit grovt overslag Skatteetaten har laga for Dag og Tid, indikerer at 30 riggselskap i 2013 betalte litt over 400 millionar kroner i skatt i Noreg. Same året betalte operatørselskapa over 30 milliardar i riggleige.

Men var verkeleg riggbransjen så ulønsam som desse tala tyder på? Og er ikkje oljenæringa høgt skattlagd i Noreg?

Høge ratar

Her må vi avklare rollefordelinga på sokkelen: Riggselskapa på norsk sokkel er underlagde eit anna skatteregime enn oljeselskapa. Medan oljeselskapa betaler ein særskild petroleumsskatt, og difor har ein nominell skatt på heile 78 prosent på overskotet sitt, skal riggselskapa betale normal selskapsskatt. Inntil 2015 var selskapsskatten på 28 prosent, frå i år er han på 24 prosent. Men i røynda har riggselskapa betalt svært lite i skatt, trass i enorme inntekter dei siste 15 åra. Frå byrjinga av 2000-talet vart riggratane mangedobla. Ein flytande rigg på norsk sokkel kunne koste litt over 100.000 dollar døgnet å leige i 2003. I 2014 var døgnprisen oppunder 600.000 dollar. Ein stor del av pengane som oljeselskapa betaler for boringa, går ut av landet i form av riggleige til morselskapa som er lokaliserte i ymse skatteparadis, påpeikar Espen Søbye i SSB-artikkelen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement