Leiar
Barnebortførarane
Den amerikanske senatoren Lindsey Graham leier ei høyring 3. desember 2025 om bortføringa av ukrainske born utført av Russland.
Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB
President Zelenskyj og president Trump var begge optimistar etter møtet dei hadde sist sundag om ein fredsavtale for Ukraina. Men det står att viktige tema, som Russlands krav på Donbas.
I mellomtida held Russlands kyniske krigføring i Ukraina fram. Den systematiske russiske bombinga av straumnett, kraftverk og transformatorstasjonar har vore ei kollektiv avstraffing av sivilbefolkninga. Det same er svermane av eksplosive dronar som kjem innover landet ved nattetid. Resultatet er sivile tap og eit utmatta folk. Ikkje mange timane etter at møtet var slutt i USA, kom nye russiske dronesvermar mot landet.
Ei sak som derimot får for lite merksemd, er dei mange ukrainske borna som er bortførte av Russland. I alt skal det vera tale om nesten 20.000 ukrainske born.
I ein rapport i haust identifiserte Yale Research Institute minst 210 stader der ukrainske born ulovleg er plasserte i Russland og i okkuperte område i Ukraina: sanatorium, barne- og familiesenter og skular, men òg i militærbasar der dei vert tekne med i militær opptrening.
På oppdrag for Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa var Dag og Tid-skribent Cecilie Hellestveit alt i 2023 med på å granska den russiske tvangsflyttinga av ukrainske born frå krigsområda i Ukraina.
Som ho skreiv i Dag og Tid, er medisinsk evakuering einaste grunnen til at ein krigførande nasjon kan frakta born som tilhøyrer fienden, til eige territorium. Men borna skal tilbakeførast straks den medisinske behandlinga er over. Om det ikkje skjer, gjer ein seg skuldig i alvorlege krigsbrotsverk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.