Sideblikk

Restaurasjon av maktstrukturane

Trumps mislykka statskupp betyr ikkje at USA blir forvandla til eit rettvist samfunn.

President Donald Trump sende eit slengkyss til tilhengjarane utanfor Det kvite huset før han sette kursen mot grensemuren mot Mexico tysdag denne veka. Onsdag vedtok eit fleirtal av representantane i Kongressen å stilla Trump for riksrett for andre gong.
President Donald Trump sende eit slengkyss til tilhengjarane utanfor Det kvite huset før han sette kursen mot grensemuren mot Mexico tysdag denne veka. Onsdag vedtok eit fleirtal av representantane i Kongressen å stilla Trump for riksrett for andre gong.
Publisert

Sinclair Lewis, med nobelprisen i litteratur i 1930, skreiv i 1935 den dystopiske romanen It Can’t Happen Here. I slagskuggen av Mussolini og Hitler mana Lewis fram demagogen Berzelius «Buzz» Windrip frå det demokratiske partiet. Han feia FDR av banen og blei president på eit program for å gjera Amerika stort og rikt att, med basis i frykt og hat, patriotisme, tradisjonelle verdiar og 5000 dollar i borgarlønn til alle.

Med brei, folkeleg støtte i ryggen og ryggeslause businessfolk og militsen «The Minute Men» i førarsetet utvikla det seg raskt til ei korporativ nyorganisering av samfunnet med konsentrasjonsleirar for motstandarar og minoritetar. Den paramilitære militsen gjekk laus på Kongressen. Nokre opposisjonelle kom seg unna, og visepresidenten rømde til Canada. Det enda med militærkupp og avsett president, invasjon av Mexico, motkupp og borgarkrig.

SÅ ILLE HAR DET IKKJE gått under den mentalt ustabile og fredsprisnominerte narsissisten Trump, som etter eiga utsegn kunne ha stått midt i Fifth Avenue og skote nokon utan å mista veljarar. Erna Solberg fekk inntrykk av han som ein normal mann med sans for humor.

Trump har dobbeltsnakka, talt opphissande og agert som ein samanraska og postmoderne fascist. Resultat: Ord er verksame. Løgn er sanning. Kort veg frå data til gata.

Det er eit retorisk og politisk meisterstykke å ha tent interessene til seg sjølv og andre rikingar, med støtte frå store grupper av depriverte som har vendt seg i hat mot andre som er diskriminerte, har mista fotfestet og er down and out.

SELFIESHOWET på capitol
kunne ha gått mykje verre. Riksdagsbrannen blei avverja. Lincoln blei skoten i eit teater, men Pence og Pelosi blei ikkje hengde i Kongressen. Dei redda seg frå privatpraktiserande og profesjonelle kommandosoldatar som Trollmannen gav ordre om å marsjera mot Kongressen saman med vanlege, sinte folk og læregutar i ein lurvete mobb av covid- og klimafornektarar, sjamanistiske veganarar og anonyme konspirasjonspraktikarar som ville forsvara folket mot den globale og satanistiske pedofiliringen som drikk barneblod for å halda på den djupe statsmakta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement