Respiratordiplomatiet
Paradoksalt nok ser Kina ut til å hauste store vinstar på koronapandemien.
Kinesiske arbeidarar i Lianyungang produserer smittevernutstyr for eksport til Europa. Kina er den største produsenten i verda av smittevernutstyr og medisinar, og det gjev landet ein sterk posisjon no.
Foto: Wang Chung / ChinaImages / NTB scanpix
I januar og februar var det ikkje lett å sjå for seg at Kina skulle bli ei leiestjerne i kampen mot koronaviruset. Det var i Hubei-provinsen i Kina at viruset dukka opp og tok liv i tusental, og kinesiske styresmakter gjorde krisa langt større enn ho burde fått lov til å bli: Dei undertrykte informasjon, knebla varslarar og reagerte for seint på trugsmålet, og følgjene vart katastrofale.
På den tida skreiv Kina-kritiske kommentatorar om koronakrisa som ein mogleg Tsjernobyl-augneblink for det kinesiske kommunistpartiet. Ulukka ved atomkraftverket i Tsjernobyl i 1986 undergrov tilliten til det politiske systemet i Sovjetunionen, og kanskje noko liknande kunne skje i Kina?
«Leiarskap»
Sjølvforskyldt eller ikkje, i starten av februar såg Kina verkeleg ut til å vere hjelpetrengande, og vestlege land stilte opp. USA sende 18 tonn med smittevernutstyr og respiratorar som bistand, og utanriksminister Mike Pompeo lova 100 millionar dollar i støtte til Kina og andre koronaråka land. Dette «viste sterk amerikansk leiarskap overfor sjukdomsutbrotet», skreiv Pompeo i ei pressemelding. Der stod òg dette: «USA er og vil bli verande verdas mest sjenerøse donor. Vi oppmodar resten av verda til å engasjere seg like sterkt.»
Berre dryge to månader seinare ser verda mildt sagt annleis ut.
Kina-reklame
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.