Reparasjonar for ein skadd planet
Om vi får varene våre til å vare lenger, kan det òg forlengje livet til noko av naturen vi har att.
Elektroniske produkt som pc-ar er sjeldan laga for å få lang levetid, og reparasjon kostar ofte meir enn å kjøpe nytt.
Foto: Shutterstock / NTB scanpix
Journalistar er glade i å finne feil, og vi kjem sjeldan med forslag til forbetring. Denne artikkelen er eit forsøk på å vere konstruktiv. Sist veke fortalde Dag og Tid om fenomenet planlagd forelding, som tyder at varer heilt medvite blir laga på måtar som avgrensar levetida deira. Dette gjev høgare forteneste for industriselskapa i verda, men miljøkostnaden er høg. Rask utskifting av produkta vi omgjev oss med, anten det er elektronikk eller klede, fører til høgare energiforbruk, større klimagassutslepp og meir rasering av naturen. Korleis kan vi kurere denne sjuka?
Opplysing, miljømedvit og godt sinnelag er neppe nok. Bruk og kast-prinsippet er bra for profitten, og få av selskapa som lagar varene våre, vil satse på kvalitet berre for å vere miljøvenlege. Det er heller ikkje truleg at forbrukarar flest skal endre seg radikalt og systematisk velje dei dyre produkta med lengst levetid. Det blir laga vaskemaskiner som toler dagleg bruk i minst 20 år, men dei er nisjeprodukt, fordi dei er dyrare enn dei dårlegare maskinene. Og så lenge det er billegare å kjøpe noko nytt enn å reparere det vi har, vil vi kjøpe nytt. Men det finst måtar å kome ressurssløsinga til livs på. Her kjem nokre forslag.
Rett til å klage
Først av alt: Det kan faktisk hjelpe å klage. Å utvide fristen for reklamasjon så det monar er eit ganske enkelt grep, men det kan få store ringverknader. I Noreg har vi lovfesta rett til å klage på feil eller manglar ved «varige varer» som til dømes mobiltelefonar, bilar og kvitevarer i opptil fem år etter kjøpsdatoen, så lenge vi ikkje har skulda sjølve for at produktet sviktar. For varer med forventa kortare levetid, til dømes joggesko eller elektroniske leiker, er reklamasjonsfristen to år. (NB: Retten til reklamasjon er ikkje det same som garantitida som følgjer med somme produkt, det siste er det opp til produsenten å fastsetje.)
Kva ville skje om den lovfesta reklamasjonstida vart utvida monaleg – lat oss seie til ti år for kvitevarer og kostbar elektronikk? Høgst truleg ville langt fleire produkt bli reparerte og ikkje kasta så snart feil oppstår. Tal frå Frankrike syner at 80 prosent av elektriske varer som blir øydelagde innanfor garanti- eller reklamasjonstida, blir leverte inn til reparasjon. Når fristen er gått ut, blir under 40 prosent av dei defekte produkta reparerte, skreiv Le Monde Diplomatique i fjor. Og om produsentar og forhandlarar må ta kostnaden ved å reparere eller erstatte øydelagde varer, vil det vere ei sterk drivkraft for å lage ting med lengre levetid.
Lønsamt forfall
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.