Religion er ikkje det du trur

Når ein irakiskætta Nav-klient held YouTube-tale om ein pakistanskætta stortingsmann, må ein heilnorsk rett fordjupa seg i shariaterminologi.

Frå venstre: professor og partsoppnemnd sakkunnig for påtalemakta Thomas Hegghammer, statsadvokat Frederik G. Ranke, politiadvokat Thomas Blom og fornærma Abid Rajas bistandsadvokat Olle Norlin. I midten øvst: religionshistorikar og rettsoppnemnd sakkunnig Kari Vogt. I midten nedst: fornærma og stortingsrepresentant Abid Raja. Til høgre frå venstre: forsvarar Brynjar Meling, tiltalte Muhyeldeen Mohammad og fyrsteamanuensis og partsoppnemnd sakkunnig for forsvaret Lars Gule. I bakgrunnen: domarar og meddomarar.

Publisert

Som kulturelle lutheranarar set me likskapsteikn mellom religion og tru, ei offisiell tru som i førre hundreåret vart privatisert og såleis forsvann. Men historisk er religion helst juss og lovar – til dømes moselov og sharia. Heilage skrifter er òg lovsamlingar. Ei tru som ikkje pregar lovverket, vert då ein vits.

Ankesaka i lagmannsretten er kan henda døme på kollisjonar som oppstår om borgarar set religiøse lovar over Noregs – som om ein minoritet med opphav i land med venstrekøyring vil halda fram med venstrekøyring i eit land med høgrekøyring. Ein slik vegtrafikklov er grei berre for kulturrelativistar utan førarkort.

Videotalen

Politiadvokat Thomas Bloms tørre opplesing av den skjellsordspekka og jussprega videotalen skil seg frå tiltalte Mohyeldeen Mohammads YouTube-framføring – ei blanding av gestiske rapparfakter og hallelujahøgstemt fordøming, på norsk, med tungetaleinnskot av lovtermar på arabisk: «den hunden, Abid al khaen (Abid forrædaren) har hånet min religion, al Islam (...) han er murtad (fråfallen), kafir (vantro) (...) det trengs ingen fatwa.» Vokalane vert fraserte som av ein vekkingspredikant: islæ – æ – æm. Kring 13.000 menneske skal no ha sett YouTube-videoen.

Men meir intens enn Raja-fordøminga er utskjellinga av desse «grønnsaksselgerne av imamer som vi har her i Norge», æreskjelte av di dei ikkje har «klargjort hva hokum (domen) for disse murtadeen (fråfalne)» er. Og mindre intens, ved andre høve, er refsen av nordmenn. Mohammad driv indremisjon. Storsamfunnet er han ikkje så oppteken av, anna enn å kritisera det folk flest no er samde med han i: at Noreg ikkje skulle ha gått militært inn i Afghanistan, Irak og Libya.

Forrædarane og quislingane er altså ikkje dei vantru, men dei fråfalne. Og fremst blant dei er ein stortingsrepresentant for Akershus og Venstre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement