Rekviem for det politiske sentrumI vegkryss kan ein svinga i ulike retningar, men einaste veg ut av ei rundkøyring, er til høgre.

I vegkryss kan ein svinga i ulike retningar, men einaste veg ut av ei rundkøyring, er til høgre.

Sentrumsunderet manifesterte seg då Kjell Magne Bondevik blei statsminister for sentrumsregjeringa i 1997. Det var Kristeleg Folkepartis tre lykkelege år.
Sentrumsunderet manifesterte seg då Kjell Magne Bondevik blei statsminister for sentrumsregjeringa i 1997. Det var Kristeleg Folkepartis tre lykkelege år.
Publisert

Sentrum i norsk politikk har vore partiet Venstre og avleggarane deira. Moderate, liberale og frisinna skalla av frå den parlamentariske Sverdrup-koalisjonen i 1884. Dei fleste glei inn i Høgre, men moderate på Sørvestlandet vende tilbake til det forsiktige og lekmannskristne bygde-
Venstre, sjølv om dei frykta Castbergs arbeidardemokratar og det kulturradikale By-Venstre.

Venstre ville ikkje vera på lag mot Arbeidarpartiet som breidde seg ut til eit folkeparti. Venstre ville forsona klassemotsetningane i fedrelandet. Det ville ikkje Norsk Landmannsforbund, som skipa Bondepartiet i 1920. Dei flørta med det nasjonalistiske ytre høgre og gjorde Quisling til forsvarsminister. Likevel var det Bondepartiet som forlikte seg med Arbeidarpartiet om landbrukspolitikken i 1935 og gjorde Nygaardsvold til statsminister. Men det var Venstre som blei støtteparti for regjeringa.

I MELLOMTIDA hadde det kome ei ny avskaling. Bedehusfolk i Hordaland braut ut og stilte som Kristeleg Folkeparti ved Stortingsvalet i 1933. Det var eit ikkje-borgarleg parti for kristne småkårsfolk, men den direkte årsaka var at Venstre ikkje nominerte lekmannshovdingen Nils Lavik på sikker plass.

Under krigen kom det til forsoning mellom høgt og lågt i Kyrkje-Noreg, også med dei moralsk opprusta og Oxford-religiøse. Kristeleg Folkeparti blei landsdekkande og trudde på rekristianisering. I sin eigen dimensjon ville dei gå den krunglete og smale vegen mellom høgre og venstre, i von om å gjera han breiare. Det blei mange vegkryss, og partiet måtte sanna at den som vil ut av ei rundkøyring, må svinga til høgre. Denne trafikkregelen råka Hareide i knutepunktet på Gardermoen.

MELLOMPARTIA i sentrum var eit politisk tyngdepunkt i etterkrigstida, men Ap hadde fleirtal i Gerhardsen-epoken, så om dei skulle få regjeringsmakt, måtte dei alliera seg med eit veksande Høgre. Det klarte John Lyng å få til ad hoc i 1963. Då var loddet kasta, og Per Borten blei statsminister i ei firepartiregjering i 1965.

Dette hadde sete langt inne. Venstre og KrF brukte rett nok same merkelapp som Høgre: «ikkje-sosialistisk». Men dei ville ikkje klistrast til dei liberalistisk-konservative. Bondepartiet, som hadde endra namn til Senterpartiet etter eit kort intermesso som «Norsk Folkestyreparti (Demokratene)», var som alltid situasjonsbestemt pragmatisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement