ReiseDå eg kom til hovudstaden for å bli student, tok reisa 19 timar. Heim til jul vil seie med det første nattoget til Bergen som sette meg av på Myrdal til
Då eg kom til hovudstaden for å bli student, tok reisa 19 timar. Heim til jul vil seie med det første nattoget til Bergen som sette meg av på Myrdal til Flåmsbanen. I Flåm låg båten klar til å krysse fjorden frå side til side med det som fekk namnet mjølkeruta, somme gonger med båtbyte midtfjords. Det gjaldt begge vegar, og båten med bussen min sette oss av i Høyanger eller der omkring, og så bar det til Førde der ein ny buss, om ein var heldig, venta for å ta oss heim til Astrups rike, natt og dag. Med tunnel frå Sogn under Jostedalsbreen til Jølster var vi ein etappe mindre, slik det skulle bli for mange når fylket vart gjennomhola av tunnelar.
Norge er eit fjelland der det sett ovanfrå mest ikkje bur nokon langs dei smale stripene som vegane er. Men det første som i gamle dagar venta ein til fjordturen i Sogn, var ein båt med ståande buffé til ein førsteklasses frukost om bord. Folk reiste i flokk, gjerne med kortlag ut fjorden. Mange vart kjende med kvarandre.
På land fekk mange studentar og andre jobb med å køyre nye bilar frå Oslo til dei lokale forhandlarane heime, med slike som meg, som var utan lappen, som gratispassasjer og reiseselskap. Berre éin gong måtte eg overnatte, av alle stader like ved fylkesadministrasjonen. Eg høyrer alt nokon protestere med forakt mot romantiseringa av dåtidas reisekultur. Det gjaldt å ha med reiselektyre, og turen eg hugsar best, var då eg las Kafkas Prosessen, ny i Lanterne-serien på Cappelen, på nattoget heim.
Etterpå kom alle ekspressbussane som tek deg frå dør til dør på under ti timar. Men lenge før alt dette reiste far min og kameraten hans med ein 125 kubikk motorsykkel over fjellet til Oslo med eit enkelt topptelt. Historia er full av legendariske familieturar på to jul, ikkje heilt utan overvekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.