Lita skrift

Regn

Publisert

Eg stod på attlega og atterleta på om glaset var attlate då eg forlèt huset. Regnet hadde halde meg med selskap heile ferien, og gjesten viste ingen teikn til å vilje bryte opp. Difor uroa eg meg over dette glaset som kan hende stod ope.

Då eg tok sjansen på å gå ein tur i skogen, var det nemleg opplett, men det var visst for mykje forlangt at det skulle vare meir enn eit par timar, for no kom det kastande på meg att, dette regnet.

At det kan vere surt og kaldt, grått og vått i juli er inga overrasking for ein sunnmøring på heimebane. Men at det skulle vere så gjennomført vått som i sommar, gjekk ut over humøret til dei fleste, ikkje minst jordbærbønder og andre bønder som risikerte å måtte ta opp tonnevis med gulrøter med handemakt, sidan åkrane vart for blaute for tunge maskiner.

Regnet kom i alle variantar: duskregn og yr, silregn og byer. Vi fekk til og med servert noko som likna stygt på ein hauststorm: ausregn og vind som sende dropane vassrett inn i glasa.

Då eg søkte ly under takskjegget på ei vêrsliten utløe i utkanten av attlega, vart eg ståande og studere dropane som følgde nevra på taket før dei måtte gje slepp og hamna i graset. Det fekk meg til å tenkje på Sigbjørn Obstfelders dikt som eg likte så godt som barn, eit dikt som kan få ein til å bli glad i regnet, ikkje minst på grunn av drypande driv, rytme og rim:

Regn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement