Sideblikk
Regjeringsproblemet på grasrota
Misnøgde ordførarar i Ap og Sp som søker attval, må distansera seg frå si eiga regjering.
I kommuneval er personane ofte viktigare enn partia dei er knytte til. Historisk bilete av ein rådvill førstegongsveljar frå kommunevalet i 1967.
Foto: NTB
Når veljarane blir spurde om kva dei ville røysta i eit kommuneval, kjem regjeringspartia betre ut enn når spørsmålet gjeld stortingsval: 23,3 prosent mot 19,4 prosent for Arbeidarpartiet, 9,2 prosent mot 5,9 prosent for Senterpartiet. Det er svake noteringar, men høgare enn Arbeidarpartiet på historisk lågmål og Senterpartiet nær sperregrensa.
Ettersom det er kommuneval til hausten, ser dei baserte regjeringspartia desse tala som von om at det hangande snøret ikkje sit fast i botnen.
Det er ei illusorisk og mager trøyst som slår direkte tilbake på politikken til regjeringa. Mykje som blei lova i Hurdal, er ikkje gjennomført, men sendt til utgreiing i utval og kommisjonar. Regjeringa er eit problemet for regjeringspartia.
DEN RAUD-GRØNE trua på at ei berekraftig Støre-regjering skulle rydda opp og syna kraft etter åtte år med Solberg i ulike sjatteringar, har visna og bleikna bort. Det er ordføraropprør mot grunnrenta på laksekaksar, og det er misnøye med høge prisar på drivstoff, matvarer og ymist anna. Men straumpriskrisa er den verste gordiske knuten regjeringa har vikla seg inn i.
I talepunkta kallar kadrane i regjeringspartia det eit kommunikasjonsproblem i tunge tider, men grunnfjellet kan forvitra når lokalpolitikarar i regjeringspartia markerer seg ved å distansera seg frå si eiga regjering.
NASJONALE TRENDAR kan dra eit parti opp eller ned. Populære partitoppar på den nasjonale scena kan trekka lokale veljarar, men når leiarane famlar og falmar, skuvar dei veljarane bort i val som skulle dreia seg om kommunale saker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.