Regjeringas regionale lappeteppeFinnmark blir nykolonisert når kommunalministeren pressar gjennom ei reform ho er mot.
Finnmark blir nykolonisert når kommunalministeren pressar gjennom ei reform ho er mot.
Helga Pedersen og resten av årsmøtet i Finnmark Arbeiderparti sa i april nei til avtalen om samanslåing med Finnmark og Troms, og fekk seinare med seg fylkestinget på det.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Regionreforma har hatt avbrotne svangerskap og ein trong fødsel. Etter lange og grundige utgreiingar og programvedtak var det faktisk Åslaug Haga, kommunalminister for Senterpartiet i den raudgrøne regjeringa, som først blei gravid med reforma i 2006. Makt skulle flyttast frå nasjonalt til regionalt nivå; det skulle bli meir folkevald styring og tungt regionalt ansvar for næringsutvikling, samferdsel, kultur, miljø og landbruk. Det som låg i korta, var mellom seks og åtte regionar, men Haga ville ikkje ut med eit tal: «Jeg konsentrerer meg om innhold først og struktur etterpå.»
Planen møtte sterk motstand, og etter to år enda det med abort. Magnhild Meltveit Kleppa ville som vanleg ha ein ny og «follstendige gjønågång» av stoda. Ho ville ikkje bruka tvang, men dersom nokon blei samde om å flytta grenser frivillig, var det fritt fram. Sidan blei ho «fylkeskåne» i Rogaland.
ERNA SOLBERG, den tidlegare Jern-Erna i Kommunal-departementet, kalla den sjølvalde aborten eit digert mageplask. Ho meinte at Stoltenberg-regjeringa ikkje var villig til å gje frå seg så mykje makt at dei overbyråkratiserte fylkeskommunane lét seg lokka til å bli med i større regionar. Høgres alternativ var, då som nå, å fjerna fylkeskommunen og heller gje meir makt til tyngre kommunar.
I det første har regjeringspartiet ein trufast følgjesvein i Byråsjefen. Han meiner at sentralforvaltninga har best oversyn og er best eigna til å sikra utvikling og likskap over heile landet – med fylkesmennene som fordelingsinstrument, kontrollinstans og kanalvaktarar. Byråsjefen kan også vera med på retorikken om meir makt til kommunane. Det reknar han uansett berre som taktiske talemåtar, for når det kjem til stykket, er det Staten som må trø til, setja rammene og bestemma.
JAN TORE SANNER blei sett på jobben som saneringsminister for å skapa større og meir robuste kommunar, men kom skeivt ut. For å få Kristeleg Folkeparti og Venstre med på ei hard linje mot kommunane måtte regjeringa gå med på å bevara det folkevalde og administrative mellomnivået.
Den store «lokaldemokratireforma» er blitt Høgres uønskte og uekte fødde barn: Det er stadig for mange kommunar, men også for få og vanskapte regionar. Dei satsa på at 428 kommunar skulle bli redusert til 100 med gulrot og pisk, men fekk berre sanert 100. Mange små lever frivillig vidare og er ikkje berekraftige – slik regjeringa ser det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.