Sideblikk
Regjeringar og politiske realitetar
Senterpartiet har slite ut slagorda, slik at det er uråd å forstå om det er innhald att.
Trygve Slagsvold Vedum tok Arendal i bruk då Senterpartiet hadde partitime der denne veka.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Pågåande, opplysande og avslørande journalistikk er merkelege saker som kjem til å bli repeterte i det uendelege i vekene fram til valet. Dette er første bod frå Gelius (Jon, ikkje Einar): Eit gamalt og tomt spørsmål er som nytt og meiningsfylt når det blir stilt på brygga i Arendal, og den innbilt soleklare kvaliteten aukar med talet på avbrot.
KOMMENTARIATET overgår kvarandre i jakta på merkelappar, og politiske motstandarar er på same køyret når dei karakteriserer regjeringskabalane til dei andre: kaos, røre, rot, søle, suppe.
Spaltisten minner om at før eit val handlar det om ønske; etter valet er det styrke og konstellasjonar. Det er jo derfor me har val. Røyster og ressursar tel, men dei politiske realitetane avgjer kven som kan regjera saman.
For åtte år sidan gjekk Erna Solberg til val på ei borgarleg firepartiregjering. Ho har leia fire ulike regjeringar, men berre i eitt år med fleirtal og etter idealet. Då blei det fangeopprør, og Sylvi Listhaugs tid var inne, mens det partifellen hennar kalla «de små tullepartiene», kjempar for livet mot sperregrensa. Likevel messar pratemaskinen Solberg utrøytteleg den urealistiske bodskapen om borgarleg samling.
Å tvila på Senterpartiets absolutte regjeringskrav er ikkje å la vera å ta dei på alvor, men å basera seg på kjennskap til partiets karakter. Dei gjer det dei må for å ha ei hand på rattet.
VERTINNA VEDGJEKK for eit halvt år sidan, rett nok motvillig og tvisynt, at ho kom til å røysta på Senterpartiet. Ho kjende seg som distriktsopprørar og meinte det er vanlege bygdefolks tur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.