Regjeringa vil fengsle fleire unge

Politi og politikarar erkjenner at ungdomsstraff utanfor fengsel ikkje fungerer for alle. No kan fleire mindreårige hamne bak lås og slå.

Ungdomskriminaliteten har auka dramatisk. Her har politiet rykt ut til Vestli T-banestasjon i Oslo etter meldingar om skyting og bråk mellom ungdomar ein laurdagskveld.
Ungdomskriminaliteten har auka dramatisk. Her har politiet rykt ut til Vestli T-banestasjon i Oslo etter meldingar om skyting og bråk mellom ungdomar ein laurdagskveld.
Publisert Sist oppdatert

Ein torsdagskveld tidleg i mai vart seks ungdomar haldne fast, trua med kniv og rana på vestkanten i Oslo. To personar vart gripne same kveld, mistenkte for rana. Begge var kjenningar av politiet og hadde vorte tekne for liknande forhold tidlegare. Dei var 13 og 14 år gamle.

Ei lita veke seinare vart det skote med automatvåpen mot ein Kiwi-butikk aust i Oslo, og NTB melde at politiet var på jakt etter ein gjerningsperson skildra som «en høy, tynn ungdom».

Etter eit drygt tiår med nedgang, har ungdomskriminaliteten dei siste åra auka dramatisk. Frå 2016 til 2018 auka talet på registrerte straffbare forhold blant mindreårige med nær 20 prosent, til 15.500. Samstundes går ei lita gruppe unge att i statistikken. Over halvparten av straffbare forhold blant barn og unge i fjor gjaldt personar gripne tre eller fleire gonger på eitt år.

I hovudstaden er kriminaliteten blant unge gjengangarar meir enn dobla sidan 2015, og valdsbruken blant dei under 18 år har auka. Oslo-politiet har difor bede om lovendringar som gjer det mogleg å straffe dei verste gjengangarane hardare enn i dag, mellom anna ved å fengsle fleire under 18 år.

Spørsmålet er politisk kontroversielt, og det vart avvist av justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) i brev til Stortinget i desember. Barneombod Inga Bejer Engh er òg sterkt imot å fengsle fleire mindreårige.

No kan dette likevel endre seg. Ap har bede regjeringa utvide talet på fengselsplassar for ungdom, og Høgre-landsmøtet har gjort vedtak om det same.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement