Regionreform
Fleire er misnøgde med omfanget av oppgåver dei nye fylka skal overta frå staten. – Vi ventar at det kjem meir, seier Gunn Marit Helgesen i KS.
KrF og regjeringspartia trassa bråket i Finnmark og murringa i Viken og vart i september samde om innhaldet i den nye regionreforma.KrF og regjeringspartia trassa bråket i Finnmark og murringa i Viken og vart i september samde om innhaldet i den nye regionreforma.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpixFoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Var det verdt det? Det kan vi spørje no når Stortinget snart skal vedta innhaldet i reforma som tvingar Finnmark saman med Troms, gjer Hordaland og Sogn og Fjordane til historie og slår saman Hol øvst i Hallingdal og Halden på grensa til Sverige i eitt og same fylke.
Omkvedet i soga om samanslåingane har vore at fylka må verte større fordi dei skal ta over fleire og større oppgåver frå staten. Men det har ikkje vore store jubelrop etter at regjeringa, støtta av KrF, for ein månad sidan la fram lista over oppgåver dei vil desentralisere. I det heile teke har det vore underleg tyst om stortingsmeldinga Oppgaver til nye regioner.
– Forsvarar ikkje tvang
Ekspertutvalet som gjorde forarbeidet for regjeringa, gjekk inn for å leggje ned seks statlege institusjonar og overføre alle oppgåver og forvaltingsansvar der til dei nye fylka. Regjeringa legg ikkje opp til å leggje ned nokon, men føreslår å overføre enkeltoppgåver og tilskotsordningar frå dei same institusjonane til fylka. Medan ekspertutvalet føreslo ei desentralisering av rundt 4760 årsverk og 23,5 milliardar kroner frå statlege institusjonar til fylkeskommunane, betyr oppgåvene regjeringa og KrF vil overføre, overføringar på rundt 200 millionar kroner samla og under 100 nye tilsette rundt om i fylka. Det har KS (kommunesektorens organisasjon) rekna ut på oppdrag frå NRK.
Styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS seier organisasjonen hadde venta langt meir av meldinga.
– Dette kan berre vere starten på maktflyttinga. Vi ventar at det kjem meir, seier ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.