JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Halvvegs reform

Fleire er misnøgde med omfanget av oppgåver dei nye fylka skal overta frå staten. – Vi ventar at det kjem meir, seier Gunn Marit Helgesen i KS.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
KrF og regjeringspartia trassa bråket i Finnmark og murringa i Viken og vart i september samde om innhaldet i den nye regionreforma.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

11603
20181116

Regionreform

Stortinget har vedteke at det frå 1. januar 2020 skal vere 11 fylke i Noreg, Oslo inkludert.

Eitt mål med reforma er å styrkje fylkeskommunens rolle som samfunnsutvikla, og overføre meir makt frå statleg til fylkeskommunalt nivå.

Eit regjeringsutnemnt ekspertutval leverte i februar ein rapport med forslag til kva oppgåver som kan overførast.

I september vart KrF og regjeringa samde om kva oppgåver dei nye fylkeskommunane skal få overført frå staten.

Stortinget handsamar no stortingsmeldinga Oppgaver til nye regioner.

eva@dagogtid.no

Var det verdt det? Det kan vi spørje no når Stortinget snart skal vedta innhaldet i reforma som tvingar Finnmark saman med Troms, gjer Hordaland og Sogn og Fjordane til historie og slår saman Hol øvst i Hallingdal og Halden på grensa til Sverige i eitt og same fylke.

Omkvedet i soga om samanslåingane har vore at fylka må verte større fordi dei skal ta over fleire og større oppgåver frå staten. Men det har ikkje vore store jubelrop etter at regjeringa, støtta av KrF, for ein månad sidan la fram lista over oppgåver dei vil desentralisere. I det heile teke har det vore underleg tyst om stortingsmeldinga Oppgaver til nye regioner.

– Forsvarar ikkje tvang

Ekspertutvalet som gjorde forarbeidet for regjeringa, gjekk inn for å leggje ned seks statlege institusjonar og overføre alle oppgåver og forvaltingsansvar der til dei nye fylka. Regjeringa legg ikkje opp til å leggje ned nokon, men føreslår å overføre enkeltoppgåver og tilskotsordningar frå dei same institusjonane til fylka. Medan ekspertutvalet føreslo ei desentralisering av rundt 4760 årsverk og 23,5 milliardar kroner frå statlege institusjonar til fylkeskommunane, betyr oppgåvene regjeringa og KrF vil overføre, overføringar på rundt 200 millionar kroner samla og under 100 nye tilsette rundt om i fylka. Det har KS (kommunesektorens organisasjon) rekna ut på oppdrag frå NRK.

Styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS seier organisasjonen hadde venta langt meir av meldinga.

– Dette kan berre vere starten på maktflyttinga. Vi ventar at det kjem meir, seier ho.

I LO vert innhaldet i reforma heller ikkje sett på som tilfredsstillande.

– Dei fleste oppgåvene fylkeskommunane får tilført, er små, og mange av dei er tilskotsordningar. Dei styrkjer ikkje det regionale nivået og gjev heller ikkje fylka naudsynt legitimitet, slik vi hadde håpa. Og dei forsvarar i alle fall ikkje tvangssamanslåing. Ingen av desse oppgåvene er for store for dagens fylke, seier nestleiar i Fagforbundet, Sissel M. Skoghaug.

Meir ansvar

Dei nye fylkeskommunane får meir forvaltingsansvar for næringsutvikling, for statlege fiskerihamner og ikkje-statlege flyplassar, for tilskot til skredsikring av fylkesvegar og for innkjøp av innanlandske flyruter. Frå før har Stortinget òg bestemt at dei skal overta ansvar for planlegging og drift av fylkesvegane frå Statens vegvesen, noko som åleine kjem til å gje fylka 1600 nye tilsette, ifølgje Kommunaldepartementet.

I tillegg skal fylkeskommunane overta arbeidsmarknadstiltak og nokre tilskotsordningar som i dag vert forvalta av Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), nokre tilskotsordningar på folkehelsefeltet og naturvernoppgåver som i dag ligg hjå fylkesmannen.

På kulturfeltet er det ikkje lagt fram nye oppgåver enno. Det skal kome i ei kulturmelding regjeringa enno jobbar med. Det er òg til utgreiing om fleire oppgåver innan næringsutvikling, kompetanse og integrering skal desentraliserast på sikt, og om det kan vere ein god idé å flytte oppgåver i barnevernet frå Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) til fylka. Sistnemnte vil ifølgje departementet bety ei overføring av 3600 årsverk.

Fylkesordførarane i dei elleve nye regionane har klare forventningar om at dei fleste av oppgåvene som framleis er til utgreiing, skal verte overførte til fylka på sikt. Det skriv Kommunal Rapport.

Helgesen i KS er ikkje overtydd om at det er ein god idé å flytte på ansvaret for barnevern. Men ho har ei klar forventning om at fylka skal få endå meir ansvar og fleire verkemiddel til å drive næringsutvikling og kompetanseutvikling, og at dei skal overta både eigarskap og tilskotsordningar på kulturfeltet etter kvart.

Dyrare løysingar

– Fagforbundet er for å undersøkje om fleire oppgåver i barnevernet kan flyttast frå staten til fylkeskommunane, så lenge det vert brukt god tid på å finne gode måtar å løyse det på, seier Skoghaug. Men sjølv om alle oppgåvene som er til utgreiing òg skulle verte overførte til fylka på sikt, er det ikkje nok til å forsvare ei reform med tvang, slik ho ser det. Fagforbundet meiner det òg bør vurderast å overføre ansvaret for sjukehusa til det folkevalte fylkesnivået.

– Eg er skuffa over at reforma førte til så lite. Det er rett og slett for lite, seier ho.

NHO meiner derimot regjeringa har lagt opp til eit fornuftig omfang oppgåveflyttingar, og er ikkje udelt positive til større overføringar. Det seier seniorrådgjevar Lasse Billington i næringspolitisk avdeling i NHO.

– Regionane er viktige, men å styrkje dei kan ikkje gå på kostnad av den nasjonale konkurransearenaen, som òg bør styrkjast. Næringspolitikken og dei næringspolitiske verkemidlane bør ha som overordna målsetnad å styrkje samla verdiskaping i Noreg.

NHO har kritisert ekspertutvalet som gjorde grunnarbeidet for regjeringa for manglande analysearbeid bak konklusjonane sine, og for å leggje fram forslag som kan utfordre den samla verdiskapinga i Noreg. Organisasjonen er òg skeptisk til at den regionale vegadministrasjonen no skal flyttast frå Statens vegvesen.

– Vi fryktar fagmiljøet som har vore i vegvesenet, kjem til å splittast opp og fragmenterast, og at flyttinga resulterer i dårlegare kompetanse, meir administrasjon og dyrare løysingar, seier han.

– Vi er jo òg opptekne av at offentleg sektor skal vere effektiv. Dess meir oppdelt han vert, dess større vert grunnlaget for duplisering av både oppgåver og kostnader. Samstundes kjem fleire av oppgåvene som vert overførte til å bidra til betre samordning i forvaltinga, og det er etterlengta, seier Billington.

Effektivitet

Frå regjeringa heiter det at reforma «bør bidra til redusert byråkrati og økt effektivitet i offentlig forvaltning». Statssekretær Aase Marthe Horrigmo (H) i Kommunaldepartementet skriv i e-post at færre fylkeskommunar samla sett skal føre til færre tilsette i administrative stillingar, færre heiltidspolitikarar på regionalt nivå og meir ressursar til tenester som kjem innbyggjarar og næringsliv til gode.

– Å leggje fleire oppgåver til fylkeskommunen på område der dei alt har ansvar, inneber òg ei meir kostnadseffektiv oppgåveløysing, svarar ho.

Professor Terje P. Hagen ved Universitetet i Oslo er på si side ikkje overtydd om at oppgåveflyttinga regjeringa legg opp til, effektiviserer offentleg sektor.

Hagen leidde ekspertutvalet som tidlegare i år la fram forslag om oppgåver som kunne desentraliserast.

– Forslaget vårt ville bidrege til effektivisering. Vi føreslo å leggje ned institusjonar. Det gjer ikkje regjeringa, og det betyr jo at det vert dobbel administrasjon på ein del felt. Regjeringa har teke mange av forslaga våre, men dei går stort sett berre eit stykke på veg i å realisere dei, seier han.

Utvalet tilrådde, slik han ser det, ei nær dobbelt så omfattande oppgåveflytting som det regjeringa no legg opp til.

– Skal eg rangere meldinga frå regjeringa på ein skala frå éin til ti, får dei ein seksar. Dei får høve til å klatre til ein åttar om alt som er under utgreiing òg endar med å verte overført til fylka, seier han.

– Kva av oppgåvene som no skal flyttast føreset større fylke enn i dag?

– Fyrst og fremst dei sakene som enno er under utgreiing: flytting av ansvar for kulturinstitusjonar og barnevern. Og flyttinga av den regionale vegadministrasjonen. Fylka i dag er for små til å handtere svære investeringar i vegsektoren.

Vil flytte ut etatar

Det var KrF og Venstre som fekk Høgre og Frp med på ei regionreform, men KrF har vore kritisk til måten reformarbeidet er gjort på. Sentralstyremedlem Svein Iversen i KrF opna tidlegare i haust endåtil for å vrake heile regionreforma dersom ho ikkje inneheldt «nok oppgaver» til fylka, ifølgje Dagsavisen.

KrF står bak oppgåveoverføringa som regjeringa har lagt fram. Men Iversen, som òg leiar Troms og Finnmark KrF, synest likevel ikkje innhaldet står i forhold til at Finnmark og Troms vert slegne saman med tvang.

– Når det minste fylket vert så mykje større, ville det forsvart mykje større oppgåver. Eg hadde venta at dei hadde gått lenger, og kan difor ikkje sjå avtalen mellom KrF og regjeringa som anna enn starten på ein ny måte å tenkje på. Vi må halde fram med å styrkje dei nye fylkeskommunane systematisk framover, og det vil vi òg ha inn som merknad i ei ny regjeringsplattform.

Han meiner det ikkje er mogleg å snakke om ei vellukka regionreform før fleire tunge nasjonale kompetansemiljø og statlege arbeidsplassar vert flytta frå Oslo og ut i regionane.

Torhild Bransdal, kommunalpolitisk talsperson for KrF, seier oppgåvene regjeringa og KrF er samde om, er «eit golv» og eit utgangspunkt for meir desentralisering.

– Kva garantiar finst for at det vert meir desentralisering?

– Det står klart i avtalen vi har med regjeringa, og eg opplever stor vilje blant regjeringspartia til å få til det. Porteføljen til fylka må verte større og breiare, seier ho.

Skuffa Finnmark

For å sukre reforma for motvillige finnmarkingar, skal nye Troms og Finnmark fylkeskommune få overført oppgåver utover det andre fylkeskommunar får. Storfylket skal overta rundt halvparten av tilskotsordninga Arktis 2030, og forvalting av tilskota til kvensk språk og kultur. I tillegg skal det opprettast eit sekretariat for Regionalt nordområdeforum i Vadsø.

Statssekretær Horrigmo (H) syner til at Troms og Finnmark òg vert oppmoda til å «ta vesentlig mer hensyn til Finnmark og Vadsø i fordeling av arbeidsplasser i den nye fylkeskommunen».

Verken Vadsø-ordførar Hans-Jacob Bønå frå Høgre eller Finnmarks fylkesordførar Ragnhild Vassvik frå Ap synest det er godt nok.

– Eg har problem med å sjå at det er teke tilstrekkjeleg omsyn til Finnmark og Vadsø i dette, slik stortingsfleirtalet har kravd. Det regjeringa gjer, er å overlate til partane å verte samde om fordeling av oppgåver internt, samstundes som ein av partane har reint fleirtal, seier Bønå.

Vassvik fnysar òg av signala.

– Dei gjev oss eit sekretariat utan å seie meir om kva det skal vere. I dag er det to møte i året i Regionalt nordområdeforum. At det skal verte til nokre store og tunge greier for Vadsø, klarar eg ikkje å sjå føre meg i det heile, seier ho.

Inntil vidare har ikkje Finnmark og Troms starta forhandlingar om samanslåing. Vassvik seier fylkestinget ikkje kjem til å gjere meir med saka før forslaget Sp har fremja om å oppheve samanslåinga av Troms og Finnmark og nye Viken, er ferdig handsama av Stortinget. Det skal etter planen skje i starten av desember.

Innan den tid skal det haldast høyring på Stortinget om oppgåvene til dei nye fylka. Dit skal Vassvik for å melde frå kor skuffa Finnmark er.

Skal vi tru Bransdal i KrF, som er sakshandsamar for oppgåvemeldinga, er det derimot lite truleg at Stortinget vil gjere store endringar.

– Kan hende kjem det inn nokre småendringar frå oss fire partia som står bak avtalen, seier Bransdal.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ingen av desse oppgåvene er for store for dagens fylke.

Sissel M. Skoghaug, Fagforbundet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis