Realpresens og andre påskenøtterNattverden bind gud og menneske saman, men skaper også strid mellom truande.
Nattverden bind gud og menneske saman, men skaper også strid mellom truande.
Det siste måltidet til Jesus og disiplane. Målarstykket heiter «Última cena» laga av Juan de Juanes (1562).
Krim, kryssord og kviss høyrer påsken til, saman med appelsin og nøtter. NRK fornyar seg i konkurransen med dei kommersielle kanalane, og lèt folkekjære konsept fara, men Påskenøtter er bevaringsverdig som ein del av statskanalens truvedkjenning og kontrakt med sjåarane. Meisteren Roald Øyen dreiv på frå 1984 til læresveinane Øystein Bache og Rune Gokstad tok over i 2011.
DEN STORE PÅSKENØTTA er det makabre som hende i Jerusalem for rundt rekna 1984 år sidan, med svik, pine, død, sorg, oppstode og frelse.
Skjærtorsdag kveld sat Jesus til bords med dei tolv læresveinane sine for å innleia den jødiske pesach og eta påskelammet, men først vaska han føtene deira. Så gav han det første kjøtstykket til Judas og sa: «Gjer det snart det du skal gjera! Judas gjekk straks ut, og det var natt.»
«Vår Herre Jesus Kristus, den natta han vart sviken, tok han brødet, takka og braut det, gav sine læresveinar og sa: ’Ta dette og et det. Dette er min lekam, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg!’ Like eins tok han kalken etter kveldsverden, takka, gav dei og sa: ’Drikk av det alle. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk til forlating for syndene. Så ofte som de drikk dette, så gjer det til minne om meg!’»
Sitata er barnelærdom som me måtte kunna utanåt, frå Volrath Vogt: Bibelsoge for folkeskulen, Ny utgåve ved Lauritz Holsvik, 13. opplaget, godkjend av Kyrkje- og Undervisningsdepartementet, 1953. Bibelsoga oppgir «alle evangelistane» som kjelde, men viser særleg til 1 Kor. 11, 23–25, eit brev til korintarane frå religionsstiftaren Paulus.
NATTVERDEN er ein kjerne i kristendommens nøtt. Det er eit offermåltid av Guds lam som fører vidare og transcenderer menneskeofring som pakt med guddommen. Den tar opp i seg matens sentrale plass i markeringa av kven som høyrer saman, og kva som skil mellom oss og dei andre. Dei som et saman, høyrer saman. Nattverden blir også kalla kommunion. Fellesskap er communio på latin, så nattverd og kommune har same språklege opphav.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.