Forteljingar om frykt – Russisk kvardagsliv i skuggen av krigen

Raude dagar

Dei offisielle russiske høgtidsdagane seier mykje om kva som skjer i landet.

Publisert Sist oppdatert

I førre veke, 4. november, feira Russland den nasjonale samhaldsdagen. Kva slags dag er det, spør du kanskje. For å vere ærleg veit eg ikkje heilt kva vi feirar. Det er det faktisk få som gjer. Men alle feirar, for det er ein offisiell fridag. Å la vere er berre dumt.

Eg elskar høgtider og fridagar. Alle liker å slappe av, det seier seg sjølv. Men eg liker òg innhaldet i dei russiske høgtidene. Det varierer, sjølvsagt. Mange merkedagar har mista det opphavlege innhaldet med åra. Feiringa av sigersdagen 9. mai har blitt meir og meir ubehageleg, fordi det å sigre i krig har blitt eit hovudtema i den statlege propagandaen etter at Putin kom til makta, særleg etter 2022.

Sjølv har eg eit heller nostalgisk syn på høgtidene. Det er godt å minnast feiringane i barndommen, då heile familien var samla, utan at vi reflekterte over årsaka til at vi hadde fri. Dette gjeld særleg heilagdagane i mai og jule- og nyttårsfeiringa.

Vi har mange fridagar i mai. Først kjem 1. mai, vår- og arbeidardagen, og så kjem 9. mai. Det finst eit velkjent russisk uttrykk: «Vi tar det etter fridagane i mai.» Det er det folk svarer på alle slags yrkesrelaterte førespurnader i vekene før 1. mai. Ingen har lyst til å jobbe når våren er på sitt finaste. Sjølv har eg uttrykket i bakhovudet alt i mars.

Eg treng vel ikkje nemne nyttårsfeiringa. I år er ferien rekordlang: Han varer i tolv dagar. Økonomisk sett er det galskap: nesten ein halv månad i starten av året der ingen eigentleg jobbar. Med tanke på folks psykiske helse er det heller ikkje ideelt, for folk kjem ut av den vanlege tralten, og det tar lang tid å få rutinane på plass igjen.

Likevel elskar eg lange fellesferiar der vi kan la humla suse. Det beste er at ein kan la vere å lese nyhenda, for det skjer sjeldan noko avgjerande i denne perioden. Folk gidd ikkje eingong utføre brotsverk i nyttårshøgtida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement