Raud og grøn ministersosialisme

Dei som skal ikjøta SV, må halda Arbeidarpartiet i øyra utan å sleppa taket i halen.

Valjubel i 1973. Etter eit vellykka valforbund fusjonerte SF med uavhengige sosialistar, lett avlusa Moskva-kommunistar og venstreutbrytarar frå Arbeidarpartiet til Sosialistisk Venstreparti i 1975. Frå venstre: Ove Larsen, Finn Gustavsen, Berit Aas og Reidar T. Larsen.
Valjubel i 1973. Etter eit vellykka valforbund fusjonerte SF med uavhengige sosialistar, lett avlusa Moskva-kommunistar og venstreutbrytarar frå Arbeidarpartiet til Sosialistisk Venstreparti i 1975. Frå venstre: Ove Larsen, Finn Gustavsen, Berit Aas og Reidar T. Larsen.
Publisert

Sosialistisk Folkeparti blei skipa i 1961 av den utanrikspolitiske opposisjonen i Arbeidarpartiet – i kretsen rundt vekeavisa Orientering. Som fredsparti i den førre kalde krigen var dei mot atomvåpen og for eit tredje alternativ mellom sovjetkommunisme og amerikansk kapitalisme og imperialisme. Etter kvar skaffa dei seg eit heildekkande innan­riksprogram som skulle føra vidare det sosialistiske prosjektet Arbeidarpartiet hadde svike, men partiet slo betre an i kulturradikale mellomlag enn hos fagorganiserte arbeidarar.

Då SF kom på vippen, formulerte den ordhage Finn Gustavsen partiets oppgåve slik: «Holde Arbeiderpartiet i øra.» Då han trekte seg – i tråd med prinsippet om at ingen skulle sitta meir enn to periodar, fall SF ut av Stortinget. Før neste val naudbad Berge Furre han om å stilla opp att: «Det er du som ikjøtar partiet.»

EF-KAMPEN I 1972 førte partiet inn i ei ny tid. Etter eit vellykka valforbund i 1973 fusjonerte SF med uavhengige kristensosialistar, lett avlusa Moskva-kommunistar og venstreutbrytarar frå Arbeidarpartiet til Sosialistisk Venstreparti i 1975.

I samlingsrusen kompromissa dei seg fram til eit program med mykje gamalmarxistisk slagg og dogmatikk. Den mangslungne Stortingsgruppa med 16 representantar var plaga av politiske og personlege konfliktar, så raptusen blei kortvarig. Etter valet i 1977 var det berre to representantar att på Stortinget. Partiet mangla også fotfeste i fagørsla, trass i tunge karar som den typografiske krigskommunisten Roald Halvorsen og furubotniken Ragnar Kalheim frå Akers mek.

ERIK SOLHEIM var partisekretær (1981–1985) og partileiar 1987–1997). Under hans genser blei partiet omforma i grøn og reformistisk lei, sjølv om den sosialistiske ungdomen var lysande forelska i ordet «revolusjonært».

I 1993 gjekk dei til val med slagordet «Ut av rundkjøringa», som skal ha vore pønska ut av NRK-programleiaren Tande-P. «Høyre og Arbeiderpartiet bare prater og prater uten at noe skjer. SV vil ut av denne rundkjøringen», sa Erik Solheim. Heile opplaget av plakatar og brosjyrar måtte stuast bort då ein slu journalistjævel minte om at det berre er éin måte på koma ut av ei rundkøyring på: svinga til høgre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement