JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Raud og grøn ministersosialisme

Dei som skal ikjøta SV, må halda Arbeidarpartiet i øyra utan å sleppa taket i halen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Valjubel i 1973. Etter eit vellykka valforbund fusjonerte SF med uavhengige sosialistar, lett avlusa Moskva-kommunistar og venstreutbrytarar frå Arbeidarpartiet til Sosialistisk Venstreparti i 1975. Frå venstre: Ove Larsen, Finn Gustavsen, Berit Aas og Reidar T. Larsen.

Foto: NTB scanpix

5236
20190329
5236
20190329

hompland@online.no

Sosialistisk Folkeparti blei skipa i 1961 av den utanrikspolitiske opposisjonen i Arbeidarpartiet – i kretsen rundt vekeavisa Orientering. Som fredsparti i den førre kalde krigen var dei mot atomvåpen og for eit tredje alternativ mellom sovjetkommunisme og amerikansk kapitalisme og imperialisme. Etter kvar skaffa dei seg eit heildekkande innan­riksprogram som skulle føra vidare det sosialistiske prosjektet Arbeidarpartiet hadde svike, men partiet slo betre an i kulturradikale mellomlag enn hos fagorganiserte arbeidarar.

Då SF kom på vippen, formulerte den ordhage Finn Gustavsen partiets oppgåve slik: «Holde Arbeiderpartiet i øra.» Då han trekte seg – i tråd med prinsippet om at ingen skulle sitta meir enn to periodar, fall SF ut av Stortinget. Før neste val naudbad Berge Furre han om å stilla opp att: «Det er du som ikjøtar partiet.»

EF-KAMPEN I 1972 førte partiet inn i ei ny tid. Etter eit vellykka valforbund i 1973 fusjonerte SF med uavhengige kristensosialistar, lett avlusa Moskva-kommunistar og venstreutbrytarar frå Arbeidarpartiet til Sosialistisk Venstreparti i 1975.

I samlingsrusen kompromissa dei seg fram til eit program med mykje gamalmarxistisk slagg og dogmatikk. Den mangslungne Stortingsgruppa med 16 representantar var plaga av politiske og personlege konfliktar, så raptusen blei kortvarig. Etter valet i 1977 var det berre to representantar att på Stortinget. Partiet mangla også fotfeste i fagørsla, trass i tunge karar som den typografiske krigskommunisten Roald Halvorsen og furubotniken Ragnar Kalheim frå Akers mek.

ERIK SOLHEIM var partisekretær (1981–1985) og partileiar 1987–1997). Under hans genser blei partiet omforma i grøn og reformistisk lei, sjølv om den sosialistiske ungdomen var lysande forelska i ordet «revolusjonært».

I 1993 gjekk dei til val med slagordet «Ut av rundkjøringa», som skal ha vore pønska ut av NRK-programleiaren Tande-P. «Høyre og Arbeiderpartiet bare prater og prater uten at noe skjer. SV vil ut av denne rundkjøringen», sa Erik Solheim. Heile opplaget av plakatar og brosjyrar måtte stuast bort då ein slu journalistjævel minte om at det berre er éin måte på koma ut av ei rundkøyring på: svinga til høgre.

Sidan tok dei kampen for ei varmt samfunn og la på ei lang rekke av merkelappar: «et sosialistisk parti, et miljøparti, et antirasistisk parti, et fredsparti.» Men partiet var nær ved å bli kløyvt i 1999, då partileiinga med Kristin Halvorsen (1997–2012) og stortingsgruppa støtta den humanitære Nato-krigen mot Jugoslavia.

ETTER STOLTENBERGS første privatiseringsregjering tok oppslutninga om SV av; dei leika seg med det ørnhøge uttrykket «lillebror skal bli større enn mor». Men regjeringsslitasjen sette inn alt før dei blei ministersosialistar i Stoltenbergs andre regjering i 2005.

Mange SV-arar likte ikkje å vera fotlenka til Nato og protesterte på plenen utanfor Stortinget. Men SV var ikkje like dyktig i dobbelspel som Framstegspartiet blei seinare, så dei måtte flytta til parketten og var lojale til bombinga i Libya. I praksis har dei falle inn i folden som eit lojalt opprustingsparti.

ÅTTE ÅR I REGJERING endra SV. Partiet finn seg ikkje lenger til rette i buldrande opposisjon ettersom det må vera politisk og mentalt budd på å bli styringsparti. Og ettersom SV i regjering må vera med Støre og storemor, kan dei ikkje bita Arbeidarpartiet for hardt i øyra, men må halda fast i halen.

SV har henta dyktige kjendisar frå kadersjiktet i naturvern- og menneskerettsorganisasjonar. Audun Bjørlo Lysbakken, med ei fortid som barnearbeidar på sirkus, er ein framifrå debattant, men partiet fell mellom tydelege stolar: Dei kan ikkje vera så grøne som MDG, ikkje så raude som Raudt og ikkje så distriktsnasjonale som Senterpartiet. Internt kjempar dei om vindmøller.

SPALTISTEN har ei enkel og uproblematisk haldning til den heilage valhandlinga: Han røystar alltid SF. At det er 44 år sidan partiet blei ein del av SV, løftar berre partivalet til eit prinsipielt og moralsk høgare nivå og gir det sjølvbiografisk tyngd og nostalgisk verdi.

Det er lenge sidan Spaltisten slutta å blanda program og personar, kandidatar og konsekvensar inn i partivalet. Han held seg ikkje eingong for nasen når han røystar. Valgomatar styrer han langt unna, for dei ville sikkert berre bringa dissonans i biletet.

Ettersom Spaltisten går ut frå at SV vil ramma middelklasseposisjonen hans og straffa dei sosioøkonomiske interessene hans på pungen, gir røystesetelen ein ekstra dose godt, varmt, grønt og altruistisk samvit på kjøpet.

EIT NYTTIG KJELDESKRIFT til denne soga er Frank Rossaviks: Fra Kings Bay til Kongens bord. Det er ei bok om partihistoria til SF og SV frå byrjinga til og med dei fire første åra i regjering. Før han blei ein kommenterande vandrepokal i norsk presse og fekk naudhamn i Aftenposten, var Rossavik pressesekretær i SV (1988–1990), men han sa takk for seg og hei til EU og blei informasjonssjef i Europabevegelsen.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

SV kan ikkje vera så grøne som MDG, ikkje så raude som Raudt og ikkje så distriktsnasjonale som Senterpartiet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis