Rapport frå eit absurd miljølandskap

Frå før har Noreg forbode hjørnekjøleskåp, komande veke skal EU og dimed vi forby vanlege støvsugarar. Dei brukar for mykje straum. Men kvifor legg vi då ikkje ned forbod mot el-bilen Tesla?

Publisert Sist oppdatert

EUs miljøpolitikk er for utanforståande litt som liturgien i den katolske kyrkja: rare og uforståelege saker. Om du so legg den norske miljøpolitikken på toppen, får du dei apokryfe Tesla-skriftene. Men fyrst EU og om litt støvsugarar.

EUs krav om meir fornyeleg energi, kva har det ført til? Jau, at den største fornyelege energikjelda EU-landa har teke i bruk, er ved, som er ei svært dyr energikjelde samanlikna med gass og kol. Kraftselskapet Drax i England gjekk i 2012 med 1,9 milliardar i overskot. Dei konverterer no tre av kolomnane sine til vedfyring. Når desse står ferdige i 2016, må regjeringa i London betala selskapet 5,5 milliardar kroner i året i subsidiar.

Hjelper det på klimaet? Vel, det får ned utsleppa lokalt, men ikkje globalt. For veden vert henta frå ein stad, i hovudsak frå Nord-Amerika. Professor Tim Searchinger ved Princeton har rekna seg fram til at om ein maktar å nytta heile treet til energiproduksjonen, so gjev det jamført med å brenna eitt tonn kol ein reell auke i CO2-utsleppa på 79 prosent over tjue år og 49 prosent over førti år. Fyrst etter hundre år, når eit nytt stort tre står der, vert det reell CO2-reduksjon i høve til kol. Men det var ikkje poenget med EUs klimapolitikk; poenget var å få ned utsleppa av CO2 her og no for å redusera skadane om hundre år. Å byggja om eit gasskraftverk til trekraft løyser elles ut ein kostnad eller ein subsidie på 225 pund per tonn CO2 i Storbritannia. Skattebetalarane må med andre ord ut med over 2000 kroner for kvart tonn med CO2 sleppt ut ved vedfyring.

Paradoksale effektar

Sånn, no er de i stemning for det smått absurde. Lat oss sjå nærare på Noreg, for ogso vi er ein del av EUs miljøpolitikk. Noreg er som kjent ein del av EUs indre marknad og full medlem av EU utanom pengepolitikken og fiskeri–?og landbrukspolitikken. Men dette hindrar oss ikkje i å gå lenger enn EU på visse område, særleg ser vi dette i miljøpolitikken. Og det gjev ein heil del paradoksale effektar.

Om du tek fram støvsugaren din og ser litt grundigare på han, vil du sikkert oppdaga at du har late han stå permanent på 2400 Watt, som er den sterkaste effekten på dei fleste vanlege mobile støvsugarar. Kvifor lèt du han stå på det sterkaste? Av di det gjer at du kan støvsuga raskare enn på lægre effektar. Det er litt som hestekrefter i ein bil; di fleire du har, di raskare kan du køyra forbi campingvogna framføre deg. Har du ein eldre sentralstøvsugar, er han truleg endå sterkare enn 2400 watt. Slik kan vi ikkje ha det lenger.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement