Raftoprisen til polske Adam Bodnar
EU har ein pågåande straffeprosess mot Polen etter at den polske nasjonalforsamlinga vedtok ein omstridd reform, som EU-kommisjonen meiner kan føre til at domstolane vert underlagde politisk kontroll.
No er den polske juristen og ombodsmannen for menneskerettar, Adam Bodnar, tildelt Raftoprisen for å ha sett søkjelyset på den avgjerande rolla sjølvstendige ombodsmannsinstitusjonar spelar for menneskerettar, både i Polen og i andre land, der aktørar og institusjonar som vernar om grunnleggjande rettar, er under åtak. Juryen skriv at Bodnar har vore ein tydeleg talsmann for demokrati og ein forsvarar av minoritetar og menneskerettar. Raftoprisen vart oppretta i 1986 og er oppkalla etter professor og fredsaktivist Thorolf Rafto.
1700 døde
og sakna
Nær 85.500 flyktningar og migrantar har kryssa Middelhavet og kome til Europa i år. Det syner dei nyaste tala frå FNs høgkommissær for flyktningar, UNHCR. Trafikken over Middelhavet har gått kraftig ned etter at Europa sperra grensene, frå over ein million flyktningar og migrantar i 2015, til like over 362.000 i 2016 og 172.000 i 2017.
Tala for i år inkluderer 80.546 personar som har teke seg over havet til Italia, Hellas, Spania eller Kypros og 4908 som har kome via land til Spania. 1719 personar er i same periode rapporterte døde eller sakna i forsøket på å kome til Europa. Det er framleis syrarar som utgjer den største gruppa personar som kjem via middelhavsområdet.
Kinesisk sinne over svensk satire
Den kinesiske ambassaden i Stockholm har skulda svenske SVT for å spreie rasisme og framandfiendtlegheit etter eit innslag på satireprogrammet Svenska Nyheter førre fredag. I programmet vert det harselert med ein episode der tre kinesiske turistar vart avviste frå ein vandrarheim i Stockholm og måtte fjernast av politiet då dei ikkje ville gå friviljug. Svenska Nyheter laga så ein fiktiv informasjonsfilm til kinesiske turistar til Sverige, derkinesarane råd om å ikkje gjere ifrå seg utanfor historiske bygningar og at om dei ser nokon lufte hunden, er det ikkje fordi dei nett har vore og kjøpt lunsj. Den kinesiske ambassaden kallar filmen ei fornærming og eit vondsinna åtak mot Kina og det kinesiske folket, og har bede om ei unnskyldning frå både SVT og programmet Svenska Nyheter.
eva@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.