Putins militære problem er enorme
Den russiske presidenten ville ha ein rask siger. Men no er det til og med fare for nederlag. Kvifor det? Og kan den russiske hæren framleis løysa problema?
Ukrainsk artillerist poserer med ei av mange erobra antikvariske russiske stridsvogner. T-62 vart produsert mellom 1962 og 1975.Ukrainsk artillerist poserer med ei av mange erobra antikvariske russiske stridsvogner. T-62 vart produsert mellom 1962 og 1975.
Foto: Ukrainsk forsvarFoto: Ukrainsk forsvar
Det folkerettsstridige russiske åtaket på Ukraina tok ei heilt anna vending enn det Moskva hadde håpa på. Og det skjedde sjølv om dei russiske styrkane er langt større enn dei ukrainske. Ein detaljert gjennomgang av den russiske militære kapasiteten syner kor store problema deira er.
Artilleri
Etter at lynoffensiven mislukkast i byrjinga av krigen, tok den russiske hæren i bruk sin eigen militære doktrine: overveldande eldkraft. Den avgjerande rolla skulle spelast av artilleriet. Målet var å øydeleggja posisjonane til fienden og gjera klart for eit åtak med infanteri og pansereiningar. I august er det anslått at russisk artilleri skaut mot ukrainske posisjonar opp mot 60.000 gonger om dagen. Ukraina hadde lite å stå imot med.
Men biletet har endra seg. Med dei nye våpena frå Vesten klarte dei ukrainske styrkane å øydeleggja mange russiske ammunisjonslager. Det russiske talmessige overtaket kunne ikkje utliknast på denne måten, men fleire rakettkastarar som den nye M777-haubitsen og sjølvgåande artillerivåpen som den tyske Panzerhaubitze 2000 er overlegne dei russiske våpensystema, spesielt når det gjeld presisjon, men også i eksplosiv kraft og mobilitet. Den russiske fordelen vart såleis mindre.
Det største problemet med russisk artilleri er nettopp mangelen på presisjon og koordinering, på grunn av mange utdaterte kanonar, slik som 2S3 SPG, som vart sett i produksjon tidleg i 1970-åra.
Det same gjeld haubitsen D-30, utvikla på slutten av 1950-åra. Eller fleirrakettoppskytingssystemet BM-21, som vart introdusert i Sovjetunionen tidleg i 1960-åra og har vorte modernisert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.