Putins brokete veneskareDen autoritære Vladimir Putin har veksande appell i Vesten, også i Noreg. Samfunn
Den autoritære Vladimir Putin har veksande appell i Vesten, også i Noreg.
Vladimir Putin held nyttårstalen sin til det russiske folket 31. desember 2017. For mange europeiske nasjonalkonservative står styresettet til Putin fram som attraktivt.
Foto: Nikolsky / Sputnik / NTB scanpix
Den politiske aksjekursen til Vladimir Putin har stige bratt i Europa dei siste åra. Den russiske presidenten er no ei erklært inspirasjonskjelde for høgrepopulistiske parti i mange EU-land. Det franske Nasjonal Front og det austerrikske Fridomspartiet har eit formalisert samarbeid med Putins parti Sameint Russland, og Marine le Pen har kalla Putin for «den vestlege sivilisasjonens redningsmann».
Putin har blitt eit politisk førebilete for mange verdikonservative, for mange som er negative til innvandring og islam, og for mange EU-motstandarar og antiglobalistar. Også i Noreg får Putin og Russland no mykje rosande omtale, både frå høgrefløya og venstrefløya i politikken. Somme skribentar på venstresida uttrykkjer stor forståing for erobringa av Krim i 2014 og for rolla til Russland i krigen i Aust-Ukraina. Men den verkelege hyllinga av Putin kjem frå høgrefløya. Den verdikonservative forfattaren Hanne Nabintu Herland har til dømes utropa Putin til «den fremste politiske leiaren i vår tid».
Putins advokat
For å skjøne appellen Putin har i Noreg, er det naturleg å starte med idéhistorikaren Bjørn Nistad, som lenge var ganske åleine om å vere Putins advokat i Noreg. Nistad har vore ein trufast forsvarar for den russiske presidenten i debattspaltene i ei årrekkje. Han har òg skrive fem bøker om Russland, den siste er Putin-biografien Russlands redningsmann frå 2016. No meiner Nistad at det har blitt fleire som deler synet hans på Russland.
– Biletet av Putin har nok endra seg i Noreg, ja. Eg trur hovudgrunnen er Syria-krigen, seier Nistad.
– Dei fleste i Noreg ser at alternativa til Assad i Syria er mykje verre. Om islamistane kom til makta i Syria og andre land i Midtausten, ville det vere ein forferdeleg situasjon for Europa. Folk skjøner at det var dei russiske flystyrkane som stogga terrorgruppene i Syria.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.