Putin kan alltid gå lenger

I Vinterkrigen tapte store russiske avdelingar mot finske infanterisoldatar med lette våpen. Det same har skjedd i Ukraina-krigen.

Publisert

Den siste dagen i november 1939 gjekk ein sovjetisk styrke med om lag 50.000 mann over den finske grensa. Fyrst skulle dei erobra byen Suomussalmi like ved grensa. Deretter var planen å ta seg over til Uleåborg ved Bottenvika, ein marsj på om lag 250 kilometer. Målet var å dela Finland i to.

Då kampen var slutt i byrjinga av januar 1940, hadde invasjonshæren tapt innpå halvparten av styrken sin, mellom 20.000 og 25.000 mann. 43 sovjetiske stridsvogner var øydelagde. Finnane hadde 900 døde og 1800 såra.

Den finske taktikken var fyrst å angripa dei sovjetiske kolonnane frå sida med lette våpen. Når dei sovjetiske soldatane flykta ut i terrenget, ofte etter å ha forlate panservognene, blei dei omringa og utsletta av finske skiløparar. Denne såkalla motti-taktikken var årsaka til mange av dei store finske triumfane i byrjinga av Vinterkrigen.

Kjend fiende

Høyrest dette kjent ut? Det er mykje av den same taktikken dei ukrainske styrkane har brukt mot den russiske hæren. Men i staden for molotovcocktails, som finnane brukte mot stridsvogner, nyttar ukrainarane moderne, panserbrytande rakettar som dei har fått frå Nato. Mange russiske soldatar er blitt brende opp inne i panservognene, eller dei er blitt skotne når dei flyktar ut av dei. Resultatet er fleire tusen døde russiske soldatar.

Ein skal rett nok ikkje undervurdera den russiske hæren. Spesielt i Donbas er det tydeleg at dei har sterke avdelingar med profesjonelle soldatar. Men at ukrainarane i 2022 kan bruka bortimot den same taktikken som finnane brukte i 1939, er nesten utruleg. Det blir sagt at generalane alltid førebur seg på den førre krigen, og når den neste krigen kjem, blir dei tekne på senga. Dei ukrainske generalane går klar av desse skuldingane. Dei kjente fienden godt og førebudde seg på det som kom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement