JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Putin kan alltid gå lenger

I Vinterkrigen tapte store russiske avdelingar mot finske infanterisoldatar med lette våpen. Det same har skjedd i Ukraina-krigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6144
20220401
6144
20220401

Den siste dagen i november 1939 gjekk ein sovjetisk styrke med om lag 50.000 mann over den finske grensa. Fyrst skulle dei erobra byen Suomussalmi like ved grensa. Deretter var planen å ta seg over til Uleåborg ved Bottenvika, ein marsj på om lag 250 kilometer. Målet var å dela Finland i to.

Då kampen var slutt i byrjinga av januar 1940, hadde invasjonshæren tapt innpå halvparten av styrken sin, mellom 20.000 og 25.000 mann. 43 sovjetiske stridsvogner var øydelagde. Finnane hadde 900 døde og 1800 såra.

Den finske taktikken var fyrst å angripa dei sovjetiske kolonnane frå sida med lette våpen. Når dei sovjetiske soldatane flykta ut i terrenget, ofte etter å ha forlate panservognene, blei dei omringa og utsletta av finske skiløparar. Denne såkalla motti-taktikken var årsaka til mange av dei store finske triumfane i byrjinga av Vinterkrigen.

Kjend fiende

Høyrest dette kjent ut? Det er mykje av den same taktikken dei ukrainske styrkane har brukt mot den russiske hæren. Men i staden for molotovcocktails, som finnane brukte mot stridsvogner, nyttar ukrainarane moderne, panserbrytande rakettar som dei har fått frå Nato. Mange russiske soldatar er blitt brende opp inne i panservognene, eller dei er blitt skotne når dei flyktar ut av dei. Resultatet er fleire tusen døde russiske soldatar.

Ein skal rett nok ikkje undervurdera den russiske hæren. Spesielt i Donbas er det tydeleg at dei har sterke avdelingar med profesjonelle soldatar. Men at ukrainarane i 2022 kan bruka bortimot den same taktikken som finnane brukte i 1939, er nesten utruleg. Det blir sagt at generalane alltid førebur seg på den førre krigen, og når den neste krigen kjem, blir dei tekne på senga. Dei ukrainske generalane går klar av desse skuldingane. Dei kjente fienden godt og førebudde seg på det som kom.

Ein autoritær stat

Det dei ukrainske generalane forstod, er at Russland framleis er ein autoritær stat. Den fremste veikskapen til den russiske hæren er at avgjerder ikkje blir tekne på lågt nivå. Alle avgjerder må stadfestast høgare oppe i systemet. Det er livsfarleg når ein støytar på noko uføresett på slagmarka.

Ein såg eit typisk døme på dette i den seks mil lange panserkolonnen som den russiske hæren freista å senda mot Kyiv tidleg i mars. Kolonnen stansa opp, dels på grunn av åtak frå ukrainarane, dels på grunn av mangel på forsyningar. Når høgare offiserar freista å løysa problema på bakken, blei dei skotne av ukrainske skarpskyttarar. Då forsvann dei som skulle gje ordrar nedover i systemet, og forvirringa blei endå større. Heile historia om den enorme russiske panserkolonnen er ikkje skriven enno, men me kan trygt slå fast at føretaket blei ein dundrande fiasko.

Hemmeleghald

Ei anna side ved den toppstyrte leiinga av den russiske hæren er hemmeleghaldet. I møtet som Putin hadde med dei fremste figurane i den russiske statsleiinga tre dagar før invasjonen, var det tydeleg at ikkje eingong dei mektigaste mennene i Russland heilt forstod kva som var i ferd med å skje. Rapportar frå Ukraina syner at dette òg gjeld dei meinige soldatane. Då dei stod inne på ukrainsk territorium og blei skotne på av ukrainske styrkar, trudde dei at dei var ute på ei øving. Mange skal ha kravd å bli sende heim då dei forstod at det var krig.

Betre blir det ikkje når ein kjenner til kva mange av desse unge gutane har opplevd før dei stod midt oppe i ein krig dei ikkje hadde høyrt om: I teorien er det allmenn verneplikt i Russland. Men ingen familiar frå den velutdanna middel- og overklassa i Moskva og i St. Petersburg vil finna på å senda gutane sine til militæret. Alle veit at så snart ein rekrutt har fått på seg uniforma, blir han hundsa av sadistiske offiserar.

Då pressa var nokolunde fri i Russland, fløymde avisene over av forteljingar om det som skjedde i dei væpna styrkane. Kvart år blir russiske rekruttar drepne eller invalidiserte av den brutale behandlinga. No blir det skrive mykje mindre om dette, sjølv om rapportar om mishandling av og til kjem til overflata. I går kom meldingar frå britisk etterretning om at russiske soldatar til og med øydelegg sitt eige materiell og på den måten saboterer krigen. Om det er riktig, er det ikkje overraskande.

Som Groznyj 1995

Desse veikskapane inneber ikkje at ein kan trekkja konklusjonen at den russiske hæren har tapt slaget om Ukraina. La oss sjå på det som skjedde i Tsjetsjenia: I nyttårshelga 1994–95 gjekk store russiske panserstyrkar til åtak på hovudstaden Groznyj. Inne i byen støytte dei ulike kolonnane mot kvarandre, og det oppstod trafikkorkar. Frå sidene skaut dei tsjetsjenske geriljasoldatane med panserbrytande rakettar og maskingevær mot den fyrste og den siste av panservognene i kvar kolonne, slik at kaoset blei endå større. Mens presset auka, tok dei ulike russiske avdelingane til å skyta på kvarandre. Meir enn 200 russiske stridsvogner og pansra køyrety blei øydelagde. Om lag 7000 russiske soldatar blei drepne, såra eller sakna.

Det russiske svaret var å setja inn artilleriet. Grosnyj blei øydelagd systematisk. Nesten fem år etter, seinhausten 1999, blei byen bomba til ruinar endå ein gong. Forfattaren av desse linene stod då på ein åsrygg ein del kilometer utanfor Groznyj og såg på. Det var utruleg at nokon i det heile teke kunne overleva eit slikt helvete.

Meir å gå på

Vinteren 1939­–40 var det mange som gledde seg over dei finske triumfane i krigen mot Stalins Sovjet. Mange har òg gledd seg over dei ukrainske framgangane dei siste to vekene, der den russiske hæren har levd opp til alle dei fordomane omverda har mot han.

Men i Vinterkrigen løyste Stalin problemet med å stilla opp to millionar mann mot Finland. I Ukraina kan den russiske hærleiinga velja å leggja den eine byen etter den andre i grus med rakettar og artilleri. Framleis har Putin mykje å gå på, om han blir sitjande ved makta.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Veikskapane inneber ikkje at ein kan trekkja konklusjonen at den russiske hæren har tapt slaget om Ukraina.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis