Putin har både smør og kanonar

Krigen mot Ukraina har synt fram alle veikskapane – men også styrkane – til regimet Vladimir Putin har bygd opp dei siste to tiåra.

Publisert

Sjeldan har verda sett eit betre døme på kor gale det kan gå når eit totalitært regime sender soldatane sine ut i felten.

Me må attende til dei siste dagane i februar månad. Heilt uventa for den russiske leiinga viste det seg at ukrainarane ytte effektiv motstand mot invasjonen.

Den russiske framrykkinga stansa opp. Plutseleg stod offiserane nedover i kommandorekkja i ein heilt ny og ukjend situasjon. Å ta initiativet sjølve var dei aldri lærte opp til. Kaos og panikk breidde seg. Fleire tusen russiske soldatar betalte med livet sitt.

Maktvertikalen

Dette var ikkje tilfeldig. Russland var, både under tsarregimet og sidan under kommunistane, eit toppstyrt samfunn. Nøkkelordet som Putin har nytta om styringsforma si, er maktvertikalen. Kort og godt tyder det at makta ligg på toppen, hos Putin sjølv, hos ministrane og hos generalane hans. Majorar, løytnantar og sersjantar har inga makt. Oppgåva deira er å lyda ordrar.

Difor måtte det gå gale i februar–mars. Slagplanen for overtakinga av Ukraina var henta frå fantasien til diktatoren sjølv. Då slagplanen sette soldatane i ei dødeleg klemme, kunne ingen nedover i rekkjene improvisera. Sjølv den russiske militære leiinga forstod dette. Difor la dei strategien heilt om i slutten av mars: No skulla ein bomba seg fram over det austukrainske slettelandet. Frontlinja skulla flyttast sakte, men sikkert etter kvart som artilleriet la byar og landsbyar i grus. Den russiske hæren tok i bruk ein strategi der all slump blei eliminert. Korkje soldatar eller offiserar trong å gjera noko anna enn å fylgja ordrar mens ein bombarderte dei ukrainske stillingane fleire mil unna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement