Lita skrift

Puslespel

Publisert Sist oppdatert

Eg likar å pusla puslespel. Eg likar å sortera bitane etter form og farge, og i eit større spel likar eg å ha eitt og eitt prosjekt i motivet. Eg likar tonen og stemninga som kjem over eit puslespel når ein sit fleire saman, ein vert konsentrert og forsiktig. Ingen herjar, ingen vil mista bitar på golvet, og er det fyrst småbitar på avvegar, tek puslarane dette på alvor. Ingen må støvsuga før nokon har krabba på knea under bordet.

Det utviklar seg snart eit internt språk mellom dei som puslar. Miljøet rundt eit puslespel, til dømes i romjula, vert eit eige lite samfunn i stova.

Sjølv om det støtt kjem kommentarar om kor langt ein er komen, veit alle som puslar, at det ikkje er om å gjera å verta fort ferdig med eit puslespel. Vegen er målet. Målet er ikkje målet.

Det er ved målstreken puslespelarane deler seg, for det finst, som med alt anna her i livet, to typar puslespelarar. Det er dei som puslar det ferdig og tek motivet frå einannan att og legg det tilbake i øskja. Og det er dei som puslar det ferdig og tenkjer at dette kunstverket her, det høyrer heime på veggen.

Noko vrir seg i magen min når folk rammar inn puslespela sine og hengjer dei opp som ein trofé som utstrålar: «Sjå, kva eg har klart! Eg har brukt timevis av livet mitt på setja saman eit bilete som alt er laga av nokon andre, trykt på papp, skore opp perfekt av ei maskin i tusenvis av bitar og putta i ei øskje, slik at eg kunne kjøpa den og setja biletet saman att.» Likevel har eg sagt: «Jøss, det var mange bitar! Så flink du er.»

Puslespel er eit spel med fasit, og alle som har nok daudtid i livet, klarar å fullføra det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement